Mikroskopet
- Denne artikkelen handlar om stjernebiletet. For det optiske instrumentet, sjå mikroskop.
Mikroskopet (frå latin Microscopium) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula, definert på 1700-talet av Nicolas Louis de Lacaille. Den mest lyssterke stjerna er Gamma Microscopii med tilsynelatande storleik 4,68. Ho er ei gul kjempe 381 lysår unna. Ein har funne to stjernesystem, WASP-7 og HD 205739, med planetar, medan ei anna, AU Microscopii, har ei fragmentskive.
Mikroskopet | |
---|---|
Latinsk namn | Microscopium |
Forkorting | Mic |
Genitivsform | Microscopii |
Symbologi | the Microscope |
Rektasensjon | 21 h |
Deklinasjon | −35° |
Areal | 210 kvadratgrader nr. 66 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | γ Mic (4,67. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +?° og −90° | |
Karakteristikk
endreMikroskopet er eit lite stjernebilete som grensar til Steinbukken i nord, Den sørlege fisken og Trana i vest, Skytten i aust, Indianaren i sør, og rører så vidt Teleskopet i søraust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert som ein polygon med fire segment. Sidan dei mest lyssterke stjernene berre er av femte storleiksklasse er stjernebiletet usynleg for det nakne auga i område med lysforureina himmel.[1]
Kjende objekt
endreLacaille kartla og gav ti stjerner nemning med Bayernemningane Alfa til Iota i 1756. Ei stjerne i nabobiletet Indianaren som Lacaille hadde kalla Nu Indi viste seg å liggje i Mikroskopet, så Gould kalla ho Nu Microscopii.[2]
Den mest lyssterke stjerna er Gamma Microscopii, som har tilsynelatande storleik på 4,68. Ho er ei gul kjempe med spektralklasse G6III.[3] Stjerna ligg 229±4 lysår unna.[4] Alfa Microscopii er òg ei gul kjempe, men ho er òg ei variabel stjerne, som varierer mellom tilsynelatande storleikar 4,88 og 4,94. Denne stjerna har spektralklasse G7III.[5] Alfa har ei følgjestjerne av 9. storleiksklasse som er mogeleg å sjå i små teleskop.[4] Epsilon Microscopii ligg 182±2 lysår unna, og er ei blåkvit hovudseriestjerne med tilsynelatande storleiksklasse 4,7,[4] og spektralklasse A1V.[6] Theta1 og Theta2 Microscopii dannar ei vid dobbelstjerne og det er mogeleg å skjelne komponentane for det nakne auga. Begge er kvite, variable stjerner klasse A med sterke metalliske linjer, liknande Cor Caroli.
Mange objekt i stjernebiletet er for lyssvake til at ein kan sjå dei med det nakne auga. AX Microscopii, betre kjend som [Lacaille 8760]], er ein raud dverg som ligg berre12,9 lysår frå solsystemet.[7] HD 205739 har ein planet med same storleik som Jupiter. WASP-7 er ei stjerne med storleiksklasse 9,54 med eksoplaneten WASP-7b, medan AU Microscopii er ei ung stjerne som verkar å vere i eit tidleg stadium av eit planetsystem med ei fragmentskive. BO Microscopii er ei raskt roterande stjerne, og PSR J2144-3933 er ein uvanleg pulsar med uvanleg lang rotasjonsperiode.
NGC 6925 er ein stavspiralgalakse med tilsynelatande storleiksklasse 11,3 og med ei linseform, sidan kanten ligg nesten mot oss. Han ligg 3,7 grader vest-nordvest for Alfa Microscopii.[8] NGC 6923 ligg i nærleiken og har mindre storleiksklasse.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Microscopium» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kambič, Bojan (2009). Viewing the Constellation with Binoculars. Springer. s. 341. ISBN 0387853545.
- ↑ Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company. s. 181, 210. ISBN 978-0-939923-78-6.
- ↑ Kaler, James B. (Jim). «Gamma Mic». Stars. Henta 13. juli 2012.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2007). Stars and Planets Guide. Princeton: Princeton University Press. s. 184–85. ISBN 978-0-691-13556-4.
- ↑ «Alfa MicroscopiI». SIMBAD. Henta 15. juli 2012.
- ↑ «Epsilon Microscopii». SIMBAD. Henta 15. juli 2012.
- ↑ Croswell, Ken (July 2003). «The Brightest Red Dwarf». Sky & Telescope. s. 32. Henta 15. juli 2012.
- ↑ Bakich, Michael E. (2010). 1001 Celestial Wonders to See Before You Die: The Best Sky Objects for Star Gazers. Patrick Moore's Practical Astronomi Series. Springer. s. 289. ISBN 1-4419-1776-4.
- ↑ Moore, Patrick; Tirion, Wil (1997). Cambridge Guide to Stars and Planets. Cambridge, Storbritannia: Cambridge University Press. s. 210. ISBN 0-521-58582-1.