Indianaren (frå latin Indus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Epsilon Indi er ei av dei næraste stjernene våre, rundt 11,82 lysår unna.

Indianaren
Indianaren
Indianaren
Latinsk namn Indus
Forkorting Ind
Genitivsform Indi
Symbologi Namngitt av Bayer
Rektasensjon 21 h
Deklinasjon −60°
Areal 294 kvadratgrader
nr. 49 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Indi alfa (α Ind) (3,11. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90°

Historie endre

Stjernebildet var eitt av tolv skapa av Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman mellom 1595 og 1597, og blei første gong skildra i Uranometria av Johann Bayer i 1603.

Sidan stjernebildet først blei kjend på 1600-talet, og ligg på den sørlege himmelhalvkula, var det ikkje kjend for klassiske kulturar og det finst ingen mytologi rundt det.

Kjende objekt endre

 
Stjernebiletet Indianarane slik det er for det nakne auga.

Indianaren har ingen lyssterke stjerner. Alfa Indi er den mest lyssterke stjerna i biletet. Ho er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,1, 101 lysår frå jorda. Beta Indi er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,7, 600 lysår frå jorda. Delta Indi er ei kvit stjerne med storleiksklasse 4,4, 185 lysår frå jorda.

Epsilon Indi er ein av dei nærmaste stjernene til jorda, kring 11,8 lysår unna. Ho er ein oransje dverg med storleiksklasse 4,7, som tyder at sola er noko varmare og større.[1] Systemet har eit par binære brune dvergar, og har lenge vore ein kandidat for SETI-studiar.[2][3]

Indianaren har ei lyssterk dobbeltstjerne. Theta Indi er ei dobbeltstjerne som er synleg i små amatørteleskop, 97 lysår frå jorda. Primærstjerna er ei kvit stjerne med storleiksklasse 4,5 og den seundære er ei kvit stjerne med storleiksklasse 7,0.[1]

T Indi er den einaste lyssterke variable stjerna i Indus. Ho er ein halvregulær, djupfarga raud kjempe med ein periode på 11 månader, 1900 lysår frå jorda. Den minste storleiksordenen er 7 og den største er 5.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ridpath & Tirion 2001, s. 162-163.
  2. Burnham, Robert; Luft, Herbert A. (1978). Burnham's Celestial Handbook: An Observer's Guide to the Universe Beyond the solsystemet. Courier Dover Publications. ISBN 0-486-23568-8. 
  3. Lawton, A. T. (1975). «CETI from Copernicus». Spaceflight 17: 328–330. Bibcode:1975SpFl...17..328L. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Indianaren


Koordinatar:   21h 00m 00s, −55° 00′ 00″