Klima- og miljødepartementet

(Omdirigert frå Miljøverndepartementet)

Klima- og miljødepartementet (KLD) er ein del av den norske sentraladministrasjonen og er politisk leia av ein eigen statsråd, miljøvernministeren, med bistand frå statssekretær/ar og politisk rådgivarar.

Klima- og miljødepartementet

Offisielt namnKlima- og miljødepartementet, Miljøverndepartementet
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa8. mai 1972[1]
Org.nummer972417882
StatsrådAndreas Bjelland Eriksen (Ap)[2]
HovudkontorKongens gate 20[3]
UndergrupperRegjeringa i Noreg
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/kld/id668/

Miljøepartementet blei etablert 8. mai 1972 som det første av sitt slag i verda. Noreg har til no hatt 18 forskjellige miljøvernministrar og 26 ulike statssekretærar.[1]

1. januar 2014 endra departementet namn frå Miljøverndepartementet til Klima- og miljødepartementet.[4]

Departementet har sidan første driftsdag hatt sine kontor i Myntkvartalet like ved Akershus festning. Øvste administrative leiar er departementsråden. Det har sidan etableringa i 1972 vore seks ulike departementsråder.[5]

Miljøverndepartementet har overordna ansvar i dei fleste arealsaker, for nasjonale og internasjonale tiltak for reduksjon i utsleppa av klimagassar, andre forureiningsspørsmål og saker som gjeld vern og berekraftig bruk av av natur og kulturminne. Departementet har også ei rekke arbeidsoppgåver utanfor dei felta der dei har eit overordna ansvar og skal rapportere i høve til 11 ulike resultatområde.[6]

Miljøverndepartementet held til i det verna Myntkvartalet ved Akershus festning i Oslo

Organisering av departementet endre

Klima- og miljødepartementet er delt i åtte ulike delar. To einingar tek seg av felles funksjonar for heile departementet (kommunikasjonseining og ei stabseining), og seks ulike fagavdelingar som arbeidar med sakene som departementet har ansvaret for:

  • Regional planlegging[7]
  • Naturforvaltning[8]
  • Kulturminneforvaltning[9]
  • Klima og ureingssaker[10]
  • Internasjonalt samarbeid[11]
  • Organisering og økonomi[12]

Underordna organisasjonar endre

Miljøverndepartementet har tre underliggjande Direktorat som skal gi råd og rapportere til departementet. Direktorata er også gitt sjølvstendig mynde på avgrensa saksfelt.

Frå og med 1. juli 2013 vil Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet bli eit direktorat med ein felles direktør.

I tillegg er dei to kunnskapsinstitusjonane Statens Kartverk og Norsk Polarinstitutt lagt under miljøverndepartementet.

Norsk Kulturminnefond forvaltar avkastninga av ein grunnkapital ved å gi støtte til ulike tiltak for kulturminnevern og er underlagt Miljøverndepartementet.

Liste over tidlegare statsrådar endre

Historie endre

Bakgrunn: Oslomarka, Lofoten og Mardøla endre

1940- og 1950-talet i Noreg var prega av ei sterk tru på teknologisk utvikling og utbygging av industri. Mellom anna fordobla Noreg uttaket vasskraft frå 1945 til 1955.[13] Denne fordoblinga kom i stand gjennom omfattande oppdemming, bygging av røyrgater og kraftmaster og luftsspenn. Parallelt blei primærnæringane også meir industrialiserte. Bøndene erstatta hest- og menneskekraft med traktoren, og i fiskeria tok fleire store trål- og notbåtar del.

Allereie på 1940-talet var fleire i Noreg urolege for og protesterte mot den hurtige industrialiseringa og overforbruket av naturressursar. Til dømes samla 30 000 menneske seg i 1946 på Rådhusplassen i protest mot kraftmaster og luftspenn gjennom Oslomarka. Ingeniør Georg Brochmann skreiv og heldt fleire foredrag der han åtvara mot overforbruk av naturressursar. Og etter eit svært dårleg fangst i Lofotfisket 1957 blei det forbode med notfiske i dei aktuelle farvatna.[14]

I 1955 blei Statens naturvernråd etablert og fem år seinare blei Kristen Faye von Krogh utnemnd som naturverninspektør, Noregs aller første miljøbyråkrat. I perioden 1962-1968 blei det oppretta ein rekke nasjonalparker og eigne reglar for desse nye verna områda.[15] Staten tok gradvis på seg eit ansvar for å føre ein politikk som tok omsyn til natur og miljø, men både lovverket og byråkratiet var oppstykka. Det gjorde det vanskeleg å føre ein heilskapleg politikk for miljø- og naturvern.

Merksemda på miljø- og naturvern var stor i mange land, og Europarådet erklærte 1970 som det europeiske naturvernåret. Statsminister Per Borten tok på seg arbeidet med å leie den norske opplysningskampanjen med mottoet «Mennesket i naturen».[16] Men same år som det storstilte statlege opplysningskampanjen, blei regjeringa sin politikk møtt av kraftige protestar i samband med utbygginga av Mardøla. 30-40 aksjonistar frå Samarbeidsgruppen for miljø- og naturvern (snm), mellom dei Arne Næss, blokkerte arbeidet ved hjelp av ikkjevaldsmetodar inspirert av Mahatma Gandhi.[17]

Modalsli-, Ressurs- og Himle-utvalet endre

Det blei først sett ned to offentlege utval med relevans for etableringa av miljøverndepartementet. Det første var Modalsliutvalet (1967) som skulle se på heile departementsstrukturen, og det andre var ressursutvalet (1968) som skulle vurdere ressurssituasjonen i Noreg og om det var naudsynt med eit nytt statleg samordningsorgan.

Modalsliutvalet så på natur- og miljøvern som ein sektorinteresse som skulle sam- og underordnast generelle og overordna omsyn, og for å styrke heilskapen i den fysiske planlegginga foreslo dei å opprette eit nytt departement for det dei så på som ei rekke underordna sektorinteresser: frilufts-, miljøvern-, bustad-, familie-, forbruks- og turismesaker. Ressursutvalet var på den andre sida klart inspirert av økologiske idear og den amerikanske forvaltningsbevegelse under Roosevelt II, og dei foreslo å etablere eit nytt ressurs- og miljødepartement som mellom anna skulle legger rammer for styringa av staten gjennom ressursbudsjett- og rekneskap.[18]

Styring etter heilskaplege ressursrekneskap ville true Finansdepartementet sin overordna rolle regjeringa sitt budsjettarbeid. Og det blei difor møtt med ein massiv motstand får embetsverket i finansdepartementet. Tanken om å styre etter ressursrekneskap- og budsjett levde vidare i miljøverndepartementet, men etter 1981 fekk det liten politisk støtte.[19]

Det var semje mellom alle partia på Stortinget om trongen for eit nytt departement. Etter regjeringsskiftet i 1971 sette Bratteli-regjeringa ned det hurtigarbeidande Himle-utvalet. Innstillinga frå Himle-utvalet liknar mest på det synet mindretalet ikkje vann fram med i ressursutvalet. Det vil seie eit departement for vern om naturen med eit heilskapleg ansvar i arealpolitikken, men utan nokon overordna rolla i ressursspørsmål . Ideane om å vere eit samledepartement for sektorinteresser, slik Modalsliutvalet, forslo blei også forkasta.[20]

Verdas første miljøverndepartement blir etablert endre

Etter ein omfattande prosess blei miljøverndepartementet oppretta med det mandat Himle-utvalet hadde foreslått.[21] Det erklærte målet var «å arbeide for en best mulig balanse mellom utnytting av våre ressurser for økonomisk vekst, og vern om naturressursene til beste for menneskelig trivsel og helse.[22] Men Himle-utvalet sitt namneforslag («Departementet for naturvern og distriktsplanlegging») blei forkasta til fordel for "Miljøverndepartementet".[23] Det nye departementet starta arbeidet sitt 5. mai 1972 med Olav Gjærevoll som statsråd. Etter ein omfattande prosess blei Olav Sætersdal som departementsråd.[24]

Miljøverndepartementet tok over heile planeggingsavdelinga til kommunaldepartementet og forureiningssakene frå industridepartementet. Ei rekke byråkratar, for det meste juristar, blei ført over til Miljøverndepartementet[25]. Og i den første utlysinga av nye stillingar søkte ein også om juristar eller personar utdanna i juss eller planleggingsfag. Dette utløyste protestar og 64 personar med bakgrunn frå biologi, samfunnsfag og filosofi sendte eit eige protestskriv.[26] Men protestane blei ikkje tatt direkte til følgje. Miljøvernminister Gjærevoll tilsette zoologiprofessoren Rolf Vik i ei nyoppretta stilling som sjefsøkolog, men Vik fekk lite å seie for drifta av det nye departementet og slutta i jobben etter to år.[27]

Utviklinga fram til i dag endre

Miljøverndepartementet fekk ei hovudrolle i arealforvaltninga i kraft av planleggingsavdelinga (som var overført frå kommunaldepartementet ved etableringa), men dette blei noko uthola ved at alle arealsaker som gjaldt energianlegg og overføringslinjer blei ført over til Olje- og energidepartementet i 1985.[28] Når det gjeld ressursbruk fekk departementet gradvis ein tydeleg underordna rolle i høve til Finansdepartementet. Fram til og med 1981 jobba miljøverndepartementet for å få etablert ei ordning der ein styrte etter naturressursbudsjett- og rekneskap. Miljøvernminister Gro Harlem Brundtland engasjerte seg som miljøvernminister for å få etablert ei slik ordning.[29] Men den nye borgarlege Willoch-regjeringa ønska ikkje styring etter ressursrekneskap.[30]

I siste halvdel av 1970-talet blei det ført ein motkonjunkturpolitikk med store offentlege investeringar for å hindre arbeidsløyse. Offentleg støtte til å reinse industrien var ein del av motkonjunkturpolitikken. Industrianlegga ved Iddefjorden, Drammensvassdraget, i Otra, Sauda, Årdal og Odda fekk alle offentleg støtte til miljøtiltak.[31]

I 1981 vedtok Stortinget ein ny og forureiningslov som slo tydeleg fast at forureinar sitt ansvar for å rydde opp. Fram til 1985 fekk over 600 bedrifter pålegg om å bygge reinseanlegg og 600 kommunale reinseanlegg blei bygd.[32]. Det blei i denne perioden avslørt ei rekke gamle synder, og miljøvernminister Sissel Rønbeck lansert i 1987 lokale miljøpakker for å få fart på oppryddinga i kommunane.[32] Oljeindustrien gjorde seg også gjeldande i løpet av 1970-talet og miljøverndepartmentet si rolle blei å vere ansvarleg for oljevernberedskapen, og ved Bravo-ulykka i 1977 kom det klart fram av denne ikkje var god nok.[33] Ansvaret for oljevernberedskapen blei seinare lagt under Kyst- og fiskeridepartementet.

I 1987 kom verdskommisjonen for miljø- og utvikling ("Vår felles framtid"), leia av Gro Harlem Brundtland, med si innstilling med mottoet om ei berekraftig utvikling. Kommisjonen tilrådde ei utvikling med balansering av vekst og vern, ein berekraftig bruk av naturen. Denne kombinasjonen av miljø- og utvikling blei den berande ideen for miljøtoppmøtet i Rio i 1992. På dette toppmøtet blei også den aller første internasjonale klimakonvensjonen underteikna. Menneskeskapte klimaendringar blei med dette erklært som eit felles internasjonalt problem. I 1997 skreiv miljøvernminister Guro Fjellanger under Kyoto-protokollen for Noreg og knytte landet for første gong til ein bindande og konkret internasjonal avtale om reduksjon av utsleppa av klimagassar.

Miljøverndepartementet sitt arbeid har blitt prega av ein aukande internasjonalisering. Den norske støtte til vern av regnskog er eit tydeleg uttrykk for denne internasjonaliseringa.[34].Internasjonaliseringa av miljøpolitikken har gått parallelt med auka vekt på indirekte verkemiddel som styringsverktøy. Det vil seie at styring etter overordna planar i større grad blei erstatta med avgifter eller insentivordningar for å fremje bestemte val i marknadene. Utviklinga av ei sterkare tru på indirekte verkemiddel kom klart og tydeleg fram i den offentlege utgreiinga om prinsipp og forslag til betre prising av miljøet.[35]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Statsråder og statssekretærer i Klima- og miljødepartementet i regjeringen.no
  2. Klima- og miljødepartementet i regjeringen.no
  3. Klima- og miljødepartementet (KLD) i depkatalog.no
  4. Offisielt fra statsråd
  5. Oversyn: Departementrådar
  6. Resultatområde for miljøverndepartementet
  7. Sjølvpresentasjon: Avdeling for regional planlegging
  8. Sjølvpresentasjon: Avdeling for naturforvaltning
  9. Sjølvpresentasjon: Avdeling for kulturminneforvaltning
  10. Sjølvpresentasjon: Avdeling for klima og forureining
  11. Sjølvpresentasjon: Avdeling for internasjonalt samarbeid
  12. Sjølvpresentasjon: Avdeling for organisasjon og økonomi
  13. Jfr. S. 112 i Berntsen
  14. Jfr. S. 115 i Berntsen
  15. Jfr. S. 136 i Berntsen
  16. Jfr. S. 158 i Berntsen
  17. Jfr. S. 166 i Berntsen
  18. jfr. s. 21 i Asdal
  19. Jfr s. 17 i Julsrud, s. 42 i Asdal og s. 177 i Berntsen.
  20. Jfr s. 361 Grønlie
  21. sjå 187-210 i Jansen)
  22. Sitert i Jansen s. 210
  23. jfr. s. 16 i Julsrud
  24. Jfr .s 17 Julsrud
  25. Sitert i Jansen s. 224
  26. Jfr. s. 210 i Jansen og s. 17 i Julsrud
  27. Jfr.s. 18 i Julsrud og 238 i Jansen
  28. Jfr. s. 74 i Julsrud
  29. Jfr. s. 50 i Asdal
  30. Jfr. s. 51 i Asdal
  31. Jfr. s. 105 iJulsrud
  32. 32,0 32,1 Jfr. s. 114 i Julsrud
  33. Jfr. s. 110 i Julsrud
  34. Jfr. s. 153 i Julsrud
  35. NOU 1992:3 Mot en mer kostnadseffektiv miljøpolitikk i 1990-årene : prinsipper og forslag til bedre prising av miljøet

Bakgrunnsstoff endre

Nettstader
Litteratur
  • Asdal, Kristin: Knappe ressurser. Universitetsforlaget. Oslo 1998.
  • Berntsen, Bredo: Grønne linjer. Uniopub. Oslo 2011.
  • Grønlie, Tore: Sentraladministrasjonens historie. Fagbokforlaget. Bergen 2009.
  • Jansen, Alf-Inge: Makt og miljø. Universitetsforlaget. Bergen 1989.
  • Julsrud, Ottar: Mellom himmel og jord. Unipub. Oslo 2012