Millettbreen
Millettbreen er ein isbre med mange bresprekkar i Antarktis, som er 24 km lang og 13 km brei, og som flyt vestover frå Dyer Plateau i Palmer Land til George VI Sound, like nord for Wade Point. Han flyt saman med Meiklejohnbreen. Han vart først kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954 etter Hugh M. Millett, maskinsjef på «Penola» under BGLE, 1934-37.
Millettbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 70°37′S 67°40′W / 70.617°S 67.667°W | ||
Lengd | 24 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Millettbreen 70°37′00″S 67°40′00″W / 70.6167°S 67.6667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Millett Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).