Miniatyrmåleri

Miniatyr eller miniatyrmåleri viser til ulike typar måleri i lite format. Ordet kjem frå latin minium, namnet på ein raudfarge som på norsk heiter mønje. Ein som måla bilete i handskrifter med mellom anna mønje blei kalla miniator. Saman med ordet minimum, 'minst' blei alle slike små utsmykningar og etterkvart alle typar små måleri kjende som miniatyrar.

Miniatyrilluminasjon frå Florian-psalteriumet frå 1400-talet.

Miniatyrmåleri er kjend frå det gamle Egypt, Hellas og Romarriket. I det kristne Vest-Europa byrja ein illuminera initialar, store bokstavar først i ein tekst, med ulik ornamentikk. Ein pynta mellom anna evangelium, som Book of Kells eller Lindisfarne-evangeliet, tidebøker og psalterium med miniatyrmåleri. I europeisk seinmellomalder blei portrettminiatyr ei utbreidd miniatyrform, med Jean Clouet, Hans Holbein den yngre og Samuel Cooper som viktige utøvarar. Portrettminiatyret hadde ei stordomstid på 1700-talet, då minibilete blei måla til medaljongar, kapslar og liknande, ofte på elfenbein.

Persisk miniatyrmåleri oppstod rundt 1200-talet etter møte med kinesisk kunst. Det fann si klassiske utforming på 1400- og 1500-talet ved kultursentra Herat, Tabriz og Shiraz, og kan vera laga som bokillustrasjonar eller blad som er samla i album (muraqqa). Mogulriket i India og Det osmanske riket med senter i Tyrkia vidareutvikla kunstforma til mogulminiatyr og osmansk miniatyr. Miniatyrar blei brukte til å illustrera soger, historieverk og dikt, som Shahnameh, Baburnama og Fugleforsamlinga. I India fanst allereie lokale miniatyrtradisjonar med måleri på palmeblad og i djainmanuskript. Mogul- og lokal kunst blanda seg til ulike kunstnarskular for miniatyrmåleri, som rajasthani- eller radsjputmåleri,

Palekh-miniatyrar er kjende frå russisk folkekunst, og oppstod på 1900-talet.

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Miniatyrmåleri