Minsk-Arena

(Omdirigert frå Minsk Arena)

Minsk-Arena (belarusisk Мінск-Арэна) er eit sportskompleks i Minsk i Belarus. Anlegget vart ferdigstilt i 2009 og opna 30. januar 2010.

Minsk-Arena

Ishockeyhallen t.h., velodromen t.v. og skeisehallen i midten bak.

Foto: Ainars Brūvelis

Opna30. januar 2010
Kart
Minsk-Arena
53°56′11″N 27°28′58″E / 53.9365°N 27.4829°E / 53.9365; 27.4829

Komplekset består av tre ulike hallar:

  • Fleirbrukshall med plass til inntil 15 000 tilskodarar. Hallen vert mest brukt til konsertar og ishockey. Arenaen er heimebanen til ishockeyklubben HK Dinamo Minsk og basketballklubben BK Tsmoki-Minsk.
  • Skeisehall med bane for hurtigløp på skeiser og bandy. Hallen har plass 3 000 tilskodarar.
  • Velodrom med tilskodarplass til 2 000. Banen er 250 meter lang med tredekke.

Minsk-Arena var finalearena for verdsmeisterskapen i ishockey i 2014[1] og Junior Eurovision Song Contest i 2010 og 2018.[2] Skeisehallen var vertsarena for europameiserskapen på skeiser i 2016.

Referansar endre

  1. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 12. mai 2009. Henta 14. juni 2009. 
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 15. juni 2009. Henta 10. juni 2009. 

Bakgrunnsstoff endre