Junior Eurovision Song Contest 2018

Junior Eurovision Song Contest 2018 (JESC 2018) var den 16. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Minsk Arena i Minsk i Kviterussland.[2] Dette var andre gongen Kviterussland arrangerer tevlinga. Finalen vart arrangert 25. november 2018.[1]

Junior Eurovision Song Contest 2018
#LightUp!
Dato
Finalen 25. november 2018[1]
Vertskap
Stad Minsk-Arena i Minsk, Kviterussland[2]
Programleiar Jevgenij Parlin
Zinaida Kupryjanovitsj
Helena Meraai
Deltakarar
Deltakarland 20[3]
Debuterte Kasakhstan
Wales
Attende Aserbajdsjan
Frankrike
Israel
Trekte seg Kypros
Kart
Vinnar
Land Polen
Song «Anyone I Want to Be»
Artist Roksana Węgiel
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2017 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Junior Eurovision Song Contest 2019

Tjue land deltok i tevlinga, det høgste antallet med deltakande land i tevlinga si historie.[3][4] Kasakhstan og Wales deltok for fyrste gong i Junior Eurovision Song Contest, medan Aserbajdsjan, Frankrike og Israel returnerte til tevlinga.[4][5]

Polen vann Junior Eurovision Song Contest for fyrste gong, med songen «Anyone I Want to Be», sungen av Roksana Węgiel. Frankrike, Australia, Ukraina og Malta utgjorde resten av topp fem.

ArrangementetEndra

VertslandetEndra

Den 15. oktober 2017, over ein måned før Junior Eurovision Song Contest 2017 vart halden, vart det stadfesta at Kviterussland hadde blitt tildelt vertskapet. Dette etter at tevlinga si styregruppe hadde fjerna ein klausul frå regelverket som ga vinnarlandet moglegheita til å takka nei til å vere vertskap for påfølgjande års tevling. I staden fekk European Broadcasting Union (EBU) sine medlemsland moglegheit til å søkje om å vere vertskap, og dette gjorde at Kviterussland og BTRC vart tildelt rolla som vertskapet da dei vart ansett som meist egna.

Dette var den andre gongen Kviterussland arrangerte Junior Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert tevlinga i 2010,[2] samt fyrste gang sidan 2012 at konkurransen vart halden i eit land som var bestemt på førehand uavhengig av utfallet av førre års tevling.

Kviterussland kunngjorde 23. november 2017 at dei hadde hensikt om å lempe på visumavgrensingar i løpet av november månad for å gjere det lettare for delegasjonar, presse og fans å deltake i konkurransen.[6]

StadEndra

Da vertslandet vart kunngjort, vart det klart at tevlinga ville verte halden i hovudstaden Minsk. 23. november vart det klart at tevlinga ville verte halden i Minsk-Arena.[7] Dette er fyrste gang tevlinga arrangeres i same arena to gongar. Den 18. mars 2018 vart det også kjend at tevlinga ville bli halden 25. november 2018.[8] Opningsseremonien fann stad i BelExpo.[9]

FormatEndra

Grafisk designEndra

Då datoen for tevlinga vart presentert, vart tevlingas offisielle logo og slagord også presentert. #LightUp (Lys opp (#Зажигай på russisk)) er slagordet, og logoen er en morgenstjerne med vertikalt inverterte lydbølger. Inspirasjonen kjem frå deltakaranes kunstnarlege potensial og kreativitet, noko som gjer scena til noko magisk, som ei himmel full av stjerner.[8]

ProgramleiararEndra

26. oktober 2018 vart Jevgenij Perlin og Zinaida Kupryjanovitsj presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2018, saman med Helena Meraai, som skulle rapportere frå green room under sendinga. Perlin er nyheitsanker og programleiar i BRTC, og har vore kommentator for Kviterussland i Eurovision Song Contest sidan 2013. Kuprijanovitsj er kjend som artist, og har deltake to gongar i Kviterussland si nasjonale utveljing til Junior Eurovision Song Contest i 2015 og 2016. Meraai er også kjend som artist, og representerte Kviterussland i Junior Eurovision Song Contest i 2017, hvor hun endte på 5.-plass. Det kom også fram at Denis Dudinskij og Anna Kvilorija ville leia opningsseremonien.[10]

Deltakande landEndra

Følgjande land deltok i Junior Eurovision Song Contest i 2018.[4]

# Land Artist Song Språk Plass Poeng
01   Ukraina Darina Krasnovetska «Say Love» Ukrainsk og engelsk 4 182
02   Portugal Rita Laranjeira «Gosto de Tudo (Já Não Gosto de Nada)» Portugisisk 18 42
03   Kasakhstan Danelija Tölesjova «Özinge sen» Kasakhisk og engelsk 6 171
04   Albania Efi Gjika «Barbie» Albansk og engelsk 17 44
05   Russland Anna Filiptsjuk «Nepobedimy» Russisk og engelsk 10 122
06   Nederland Max og Anne «Samen» Nederlandsk og engelsk 13 91
07   Aserbajdsjan Fidan Hüseynova «I Wanna Be Like You» Aserbajdsjansk og engelsk 16 47
08   Kviterussland Daniel Jastremskij «Time» Russisk og engelsk 11 114
09   Irland Taylor Hynes «IOU» Irsk 15 48
10   Serbia Bojana Radovanović «Svet» Serbisk 19 30
11   Italia Melissa og Marco «What Is Love» Italiensk og engelsk 7 151
12   Australia Jael Wena «Champion» Engelsk 3 201
13   Georgia Tamar Edilasjvili «Your Voice» Georgisk og engelsk 8 144
14   Israel Noam Dadon[11] «Yelaad'im kaeele» Hebraisk 14 81
15   Frankrike[5] Angélina[12] «Jamais sans toi» Fransk og engelsk 2 203
16   Makedonia Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 12 99
17   Armenia L.E.V.O.N «L.E.V.O.N» Armensk 9 125
18   Wales Manw «Perta» Walisisk 20 29
19   Malta Ela Mangion «Marchin' On» Engelsk 5 181
20   Polen Roksana Węgiel «Anyone I Want to Be» Polsk og engelsk 1 215

RøystegjevingEndra

Poenggjevande land
Totalt INR                                        
  Ukraina 182 78 7 6 2 3 4 3 3 5 8 7 10 8 5 10 2 5 4 12
  Portugal 42 42
  Kasakhstan 171 103 5 4 7 5 8 6 4 5 6 8 4 6
  Albania 44 34 1 1 1 2 5
  Russland 122 62 1 4 3 12 2 8 5 10 7 2 6
  Nederland 91 68 1 2 1 3 2 3 4 6 1
  Aserbajdsjan 47 30 6 3 4 3 1
  Kviterussland 114 53 10 2 8 10 2 5 1 1 12 10
  Irland 48 36 3 1 8
  Serbia 30 28 2
  Italia 151 57 6 4 10 4 7 10 6 7 7 7 3 12 8 3
  Australia 201 53 12 12 3 7 10 12 6 12 7 3 12 8 2 6 7 7 12 10
  Georgia 144 39 7 2 5 12 2 2 12 2 10 5 12 10 5 8 10 1
  Israel 81 47 4 3 7 1 5 1 6 2 3 2
  Frankrike 203 117 5 12 6 7 7 8 6 7 4 4 1 6 1 12
  Makedonia 99 35 2 12 10 1 1 12 1 2 7 5 4 7
  Armenia 125 70 3 6 3 6 5 3 6 4 8 7 4
  Wales 29 29
  Malta 181 43 10 8 8 5 8 10 5 10 8 4 8 12 12 10 4 3 8 5
  Polen 215 136 8 1 8 4 4 10 2 10 5 6 12 3 6
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

12 poeng frå dei nasjonale juryaneEndra

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
6   Australia Kviterussland, Italia, Nederland, Portugal, Ukraina, Wales
3   Georgia Irland, Israel, Russland
2   Frankrike Albania, Malta
  Malta Australia, Georgia
  Makedonia Kasakhstan, Serbia
1   Kviterussland Armenia
  Italia Makedonia
  Polen Frankrike
  Russland Aserbajdsjan
  Ukraina Polen

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Junior Eurovision 2018 to take place on Sunday 25th November!» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 18. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Minsk announced as the host city for Junior Eurovision 2018!» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 15. oktober 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Surprise! Ukraine joins as 20th country for Minsk 2018» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 2. august 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «These are the 19 (!) countries taking part in Junior Eurovision 2018» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 25. juli 2018. 
  5. 5,0 5,1 «France: Returns to the Junior Eurovision Song Contest» (engelsk). Eurovoix.com. Henta 12. mai 2018. 
  6. «Belarus: No Visa Restriction During Junior Eurovision 2018 - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 23. november 2017. Henta 11. mai 2018. 
  7. «Junior Eurovision 2018 To Be Held In Minsk Arena - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 23. november 2017. Henta 11. mai 2018. 
  8. 8,0 8,1 «Junior Eurovision 2018 to Be Held on November 25 - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 18. mars 2018. Henta 11. mai 2018. 
  9. «Junior Eurovision'18: BelExpo To Host Opening Ceremony - Eurovoix» (engelsk). Eurovoix. 14. februar 2018. Henta 11. mai 2018. 
  10. «Meet the hosts of Junior Eurovision 2018!». Junioreurovision.tv. Arkivert frå originalen 2017-10-26. Henta 26. oktober 2017. 
  11. «Israel: Noam Dadon to Junior Eurovision 2018». Eurovoix.com. Henta 6. september 2018. 
  12. «Angélina will represent France in Minsk with “Jamais sans toi”!». ESCXtra.com. Henta 13. oktober 2018.