Miodrag Belodedici
Miodrag Belodedici (fødd 20. mai 1964) er ein tidlegare fotballspelar frå Romania. Midtstopparen vann Europacupen med fyrst FC Steaua București og sidan Raude Stjerne, den fyrste spelaren som vann turneringa med to ulike fotballklubbar.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 20. mai 1964 (60 år) | ||
Fødestad | Socol i Romania | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Libero | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1982–1988 | Steaua București | 174 | (18) |
1989–1992 | Raude Stjerne | 63 | (3) |
1992–1994 | Valencia | 49 | (0) |
1994–1995 | Valladolid | 31 | (0) |
1995–1996 | Villarreal | 16 | (2) |
1996–1998 | Atlante | 63 | (2) |
1998–2001 | Steaua București | 61 | (3) |
Totalt | 457 | (28) | |
Landslag | |||
1982–1984 | Romania U-21 | (1) | |
1984–2000 | Romania | 55 | (5) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreBelodedici spelte på Steaua Bucureşti frå 1982 og var dei neste seks sesongane med om seriemeisterskapen fire gongar og cupmeisterskapen ved tre høve. Høgdepunket med Steaua kom då laget i 1986 vann europacupen i fotball, som den fyrste klubben frå Aust-Europa.
Belodedici, som er etnisk serbar, flykta til Jugoslavia seint i 1988. Frå hausten 1989 var han aktiv i Raude Stjerne frå Beograd, der han i tre år på rad vart jugoslavisk seriemeister. I 1991 vann klubben, med Belodedici i midtforsvaret, finalen i europacupen. Han var ein straffeskytarane som syrgde for siger etter eit mållaust finaleoppgjer mot Olympique Marseille.
Sidan spelte Belodedici 1992-96 i spansk liga med, etter tur, Valencia CF, Valladolid og Villareal. Etter to år i meksikansk seriefotball vende han i 1998 tilbake til Steaua, der han la opp i 2001 etter å ha vorte rumensk seriemeister for femte gong.
Landslagsspel
endreBelodedici deltok i 55 landskampar for Romania, mellom anna i VM 1994 og to europameisterskap. Han spelte alle fem kampane i verdsmeisterskapen i USA og i to av dei tre kampane under EM 1996 så vel som i EM 2000.
Merittar
endre- Vinnar av Europacupen: 1986 med FC Steaua București og 1991 med Raude Stjerne Beograd
- Seriemeister i Romania: 1985-88 og 2001 med FC Steaua București
- Cupvinnar i Romania: 1985, 1987, 1988 og 1999 med FC Steaua București
- Seriemeister i Jugoslavia: 1990, 1991, 1992 med Raude Stjerne Beograd
- Cupvinnar i Jugoslavia: 1990 med Raude Stjerne Beograd
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Miodrag Belodedici» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2019.