Lurvika

ligg på Rottøya i Aure kommune på Nordmøre

Lurvika ligg på Rottøya i Aure kommuneNordmøre. Lurvika voks på 1800-talet fram som eit viktig handelssenter i Aure kommune, med landhandel, brennevinsutsalg, bakeri og postopneri. Då telegrafen kom vart telegrafstasjonen òg plassert i Lurvika. Lensmannen heldt òg til der, noko som førte til at Lurvika hamna i ein slags maktkonkuranse med Aure sentrum, der kyrkja og prestegarden låg.

Næringsverksemda på 1800-talet endre

Caspar Kahrs Lossius, som truleg hadde kome flyttande til Hamna på Ruøya i 1823 [1] kjøpte Lurvikgarden i 1824. Lurvikgarden var den fyrste menslagarden som vart seld i Aure [1]. Etter som samferdsla på denne tida gjekk sjøvegen såg han Lurvika høvde godt som handelsstad. I 1828 fekk han løyve til å flytte gjestgiveriet og landhandelen frå Hamna til Lurvika[1]. I 1831 vart det bygd ny hovudbygning i Lurvika og i tillegg vart nokre hus frå Hamna flytta dit. Endå eit hus vart flytta frå Giset til Lurvika i 1864.

Ut over 1800-talet auka verksemda: skysstasjonen vart flytta fra Klaksvika til Lurvika, bakarmeister Johs Lockwood frå Kristiansund starta bakeri der og i 1838 tok Lurvika over som tingstad. I 1850 var Lossius utnemnd til undertollbetent i Bergen og selde til brorsonen sin, Marcus Hegge Lossius[1]. Sist på 1870-talet var det 23 bygningar i Lurvika. I 1864 budde det fast 55 personar der og i 1885 var talet på fastbuande oppe i 63.

Lurvika i nyare tid endre

Frå 1935 til 1952, var det, med unnatak av krigsåra, krabbeproduksjon i Lurvika[2]. Lurvika hadde òg dampskipsekspedisjon, og ein periode var ferja Aure - Ånes innom Lurvika.

Referanse endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Orten, P.E., Den nye dagen gryr - Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.
  2. Harald O. Kalland, Om krabbefabrikken i Lurvika, Tu Aurgjelda, Årbok for Aure Historielag, nr. 10, 2005.
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.