Opna hovudmenyen

Mo kyrkje i Nord-Odal

kyrkje i Nord-Odal i Hedmark

Mo kyrkje er ei kyrkje på Stormoen i Nord-Odal kommune. Den er soknekyrkje for Mo i Odal. Rasmussen reknar bygget som nygotisk.[1]

Mo kyrkje
kyrkje
Mo kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Nord-Odal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Solør, Vinger og Odal
Sokn Mo
Fellesråd Nord-Odal
Type Åttekant
Arkitekt Christian H. Grosch
Teknikk Tømmer
Material Tre
Innvigd 1864
Skip Åttekant
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle «Jesu dåp», kopi etter Adolph Tidemand
Sitjeplassar 500
Wikimedia Commons: Mo kirke, Nord-Odal

Dagens kyrkjebygg er ei åttekantkyrkje i tre som blei innvigd 6. desember 1864 av biskop Halvor Folkestad. Kyrkja er bygd etter ein teikning av arkitekt Christian Heinrich Grosch og har 500 plassar. Altertavla er frå 1880 og er ein kopi av Adolph Tidemands måleri: «Jesu dåp». Originalen er i Trefoldighetskirken i Oslo. Tvillingbrørne Gudbrand og Bernt Morterud laga ramma.

Sør for gardstunet på Stormoen låg det ei tidlegare kyrkje frå 1768. Staden der heiter no Jurmo kyrkjegard etter det gamle namnet på garden (gamalnorsk: Júgramór), som igjen har namn etter åa Jura som renn ut i Storsjøen i Odal. Den tidlegare kyrkja vart i 1840 vurdert som «i god stand», men i 1850 «på grunn av trekk og elde, nesten kassabel». Den nye kyrkja var oppført der den står no i 1868. På den gamle kyrkjegarden er det kun graver igjen og steinar som viser kor kyrkja sto. Steinar fra denne kyrkja var brukt i muren på kapellet fra 1931 på den nye kyrkjegarden i Mo. [1]

Truleg er Mo den yngste kyrkjestaden frå mellomalderen i Odalen, men den første kyrkja på Mo sto truleg ferdig før år 1200. Denne kyrkja sto truleg på den gamle kyrkjeplassen og var i katolsk tid vigd til Sankt Mikael. Den vart også omtala som Yngra Mo eller Jugramo.[2]

Mo kyrkje, foto frå 1900-1910
Foto: Riksantikvaren

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Rasmussen, Alf (1993). Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo. 
  2. Bautakomiteen (1914). Minder fra gamle dage i Nordre Odalen. Odal. 

BakgrunnsstoffEndra