Storsjøen i Odal

Storsjøen er ein innsjø i Innlandet fylke og høyrer til Glommavassdraget. Kommunane Sør-Odal og Nord-Odal deler omtrent kvar sin halvpart av sjøen. Dei fleste av innbyggjarane i Nord-Odal kommune bur i jordbruksområda rundt Storsjøen. Innsjøen er Nord-Odal sitt mest kjente landskapstrekk.

Storsjøen
innsjø
Storsjøen ved Sand i Nord-Odal
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Nord-Odal, Sør-Odal
Høgd over havet 132 moh.
Areal 45,61 km²
Største djupn 17 m
Kystlengd1 105,45 km
Koordinatar 60°22′21″N 11°37′30″E / 60.37250°N 11.62500°E / 60.37250; 11.62500
Kart
Storsjøen i Odal
60°22′21″N 11°37′30″E / 60.3725°N 11.625°E / 60.3725; 11.625
Wikimedia Commons: Storsjøen (Odalen)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Innsjøen er eit reisemål for tyske campingturistar.

Geologi

endre

Berggrunnen nord for Storsjøen er dominert av Odalsgranitten som vart danna i prekambriumtidA og høyrer til det transskandinaviske intrusivbeltet (TIB).[1]

Båtliv

endre

Før vegnettet rundt Storsjøen vart utbygd, var Storsjøen ei viktig ferdselsveg mellom Nord-Odal og Skarnes. I byrjinga av førre hundreår var det to båtar som frakta personar og varer: «Odølingen» og MS «Storsjø».

Det er mogeleg å dra med fritidsbåt frå Storsjøen til Glåma og vidare opp til Kongsvinger kraftverk og ned til Funnefoss kraftverk. Dersom det var sluser i demninga ved Funnefoss kunne båtane dra uhindra gjennom Svanfoss sluser til Mjøsa og Lillehammer. Med sluser ved Bingsfoss og Rånåsfoss ville båtane kunne dra til Øyeren og Trøgstad.

Det er om lag 500 fritidsbåtar på dei 4 bryggene som båtforeningene Sand Båtfoening, Mo Båtforening, Austvatn Båtforening og Sør-Odal Båtforening har. I tillegg anslagsvis 100 mindre private bryggeanlegg.

Storsjøen er ein grunn sjø, tildels berre 2-3 meter djup. Dette gjer at dei store fritidsbåtane uteblir.

Øyar og holmar

endre
 
Svennebyholmen, ei øy på Storsjøen i Odalen.

Det er ei rekke mindre øyar og holmar på Storsjøen:

  • Rovøya, 81 112 m²
  • Engelholmen 37 216 m².
  • Ramsholmen 27 803 m²
  • Svartholmen, 20 147 m²
  • Ørderholmen 11 276 m².
  • Svennebyholmen, 6 381 m².
  • Vesle Svarten 4 564 m², er ei lita øy som inneheld ei koie, som er open for alle. Nokre dugnadsvillige fritidsbåteigarar har pussa opp koia, og øya har òg flytebrygge.
  • Kjellingholmen, 4 195 m².
  • Bratten 1 226 m².
  • Frierholmen, 617 m², liten holme som fekk fastmerke i 1972.
  • Fleskholmen, 481 m².

Fiske

endre

Følgjande fiskeartar finst i Storsjøen:
aure
brasme
elveniøye
gjedde
gullbust
harr
hork
krøkle
lake
laue
mort
nipigga stingsild
sik
steinsmett
vederbuk
ørekyte
åbor

Storsjøen er kjend for Gjeddefestivalen på Storsjøen[2], som vert halde i juni kvart år.

Kjelder

endre
  1. Ø. Nordgulen og A. Andresen: De eldste bergarter dannes; 4600-850 millionar år. I I. Ramberg, I. Bryhni og A. Nøttvedt (red.): Norges geologi. Norsk Geologisk Forening. 2006.
  2. Gjeddefestivalen: http://www.odalnett.com/nff/default.asp?cat=22&menuID=22 Arkivert 2008-10-24 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

endre