Moganitt er eit mineral som er ein monoklin modifikasjon av silika, SiO2. Mineralet er mikrokrystallinsk og har vist seg å vere ein utbreidd bestanddel av kalsedon.

Moganitt
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelSiO2
Strunz-klassifisering04.DA.20
Dana-klassifisering75.01.04.02
Identifikasjon
FargeGrå
KrystallformMassiv
KrystallsystemMonoklin - prismatisk (2/m)
Mohs hardleiksskala6
Glansjordaktig, matt
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa
Brytingsindeksnα = 1.524 nγ = 1.531
Kjelder[1]

Det vart første gongen skildra i 1984 og er kalla opp etter Mogan på Gran Canaria.

I Noreg er det påvist frå sprekkar i basalt i Huken pukkverk i Oslo.

Kjelder

endre
  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Moganitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/moganitt.
  1. http://webmineral.com/data/Moganite.shtml Webmineral data