Krystallform
Krystallform er den ytre forma krystallar kan ha. Krystallforma er ofte gjenspegla i krystallstrukturen til mineralet. Det ytre til ein krystall kjem til uttrykk i dei 32 krystallklassane, og av dei ulike vekstsnøggleikane til krystallflatene.
Dei krystallflatene som er symmetrisk ekvivalente ut frå symmetrien til krystallklassen, blir kalla ei form og blir symbolisert ved Miller-indeksar i klammer {hkl}. Ein krystall kan bestå av éin eller fleire former. «Lukka» former er til dømes bipyramide og terning, «opne» former til dømes prisme, pyramide og pinakoid (to parallelle flater).
-
Tetragonal bipyramide
-
Samansett form: Firkanta prisme og bipyramide
Kjelder
endre- Krystallform: krystalls ytre form. (29. april 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. november 2013.
- Krystallform: symmetrisk ekvivalente krystallflater. (29. april 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. november 2013.