Mohadjirar (مہاجر, مهاجر, også skrive mahajir, mohajir og muhajir) er ei nemning for pakistanarar som kom til Pakistan frå India etter delinga av Britisk India og etterkomarane deira.[1][2][3][4][5] Sjølv om dei kan ha ulike språk frå områda dei stammar frå, er dei hovudsakleg rekna for å ha urdu som morsmål.

Ordet mohadjir er opphavleg arabisk og tyder 'migrant'. I muslimsk tradisjon viser det til dei som følgde profeten Muhammed frå Mekka til eksil i Medina i 622.[6]

Talet på mohadjirar i Pakistan var rapportert til rundt 10 millionar i 1998 (9 939 656 urdutalarar[7]), men estimert til 20 millionar i 2000-åra.[8][9][10][11][12] Mange av dei bur i byar som Karachi, Hyderabad, Lahore og i regionane Sind og Panjab.

KjelderEndra

  1. Nadeem F. Paracha. «The evolution of Mohajir politics and identity». dawn.com. 
  2. «Karachi Bloodbath: It is Mohajir Vs Pushtuns». Rediff. 20 September 2011. 
  3. «Don’t label me ‘Mohajir’». tribune.com.pk. 
  4. «‘Mohajir card’ – all key parties contesting by-polls using it». The News International, Pakistan. 20 April 2015. 
  5. Dr Niaz Murtaza. «The Mohajir question». dawn.com. 
  6. «muhajir, n.title=OED Online», Oxford University Press, March 2017 http://www.oed.com/view/Entry/240040?redirectedFrom=mohajir&  Missing or empty |title= (hjelp)
  7. «POPULATION BY MOTHER TONGUE» (PDF). 
  8. Kashmir and Sindh: Nation-building, Ethnicity and Regional Politics in South Asia. The total population of Pakistan is about 120 million, out of which 20 million have migrated from India 
  9. National Security: Imperatives and Challenges. There are 20 million Muhajirs in Pakistan (2004) 
  10. Understanding the Cultural Landscape. 
  11. Encyclopedia of the World's Minorities
  12. Rafiq Zakaria. The Man who Divided India: An Insight Into Jinnah's Leadership and It.