Mohn Basin
Mohn Basin er ei stor senking i overflata nær kanten av polarplatået. Ho strekkjer seg sørover frå vestsida av Quarles Range i kring 150 km og omfattar eit område med firn like ved toppen av Bowmanbreen, Devilsbreen, Amundsenbreen og Scottbreen i Dronning Maudfjella. Senkinga vart sett i desember 1911 av Roald Amundsen på veg til Sørpolen. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Henrik Mohn, ein norsk meteorolog som skreiv vêrrapportar på denne ekspedisjonen.
Mohn Basin | |||
senking | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 86°30′S 168°0′W / 86.500°S 168.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mohn Basin» (innhald frå Geographic Names Information System).