Ei senking eller ein depresjon er ei landform som ligg lågare enn det omliggande terrenget. Senkinga kan oppstå ut frå forskjellige mekanismar og har forskjellige namn og tekniske uttrykk etter korleis dei har oppstått:

Great Blue Hole utanfor Belize, ei marin senking eller blått hol.
  • Ein graben er ein nedfelt og vanlegvis lineær senking eller bekken som oppstår gjennom riftdanning under tektoniske spenningskrefter.
  • Ei senking kan vere ein region med der overflata vert pressa nedover av tektoniske prosessar, ofte tilknytt ein subduksjonssone eller ein øyboge.
  • Ein dal er ein type senking som vanlegvis er grave ut av erosjon.
  • Ei senking kan oppstå som følgje av vekta av noko som ligg opp på overflata, som ei. Området rundt ei iskappe, sjølv om dei ikkje er dekte av is, kan òg bli dradd ned av vekta under isen. Dette vert kalla perifer senking.[4] Lenger borte frå isen kan det oppstå ein svull i overflata, som dannar ein låg ås.[5]
  • Ei senking kan vere ei jettegryte - anten eit enkelt hol i ein vegbane eller ein senking i eit elveleie på grunn av fluvial erosjon eller i område påverka av sterke straumar i sjøen.

Kjelder

endre
Kjelder i teksten
  1. 1,0 1,1 «Dictionary of Geologic Terms - B». geotech.org. Henta 14. juli 2008. 
  2. «Dictionary of Geologic Terms - K». geotech.org. Henta 14. juli 2008. 
  3. «Dictionary of Geologic Terms - C». geotech.org. Henta 14. juli 2008. 
  4. «Glossary of Important Terms in Glacial Geology - Peripheral Depression». Montana State University. 1999. Henta 14. juli 2008.  American Geological Institute's Glossary of Geology (3. utgpve).
  5. «Glossary of Important Terms in Glacial Geology - Forebulge». Montana State University. 1999. Henta 14. juli 2008.  Cites American Geological Institute's Glossary of Geology (3. utgåve).