Mole Mania
Mole Mania, kjent i Japan som Mogurānya (モグラ〜ニャ), er eit hjernetrimspel utvikla av Nintendo EAD og Pax Softnica og utgjeve i 1996 av Nintendo til den opphavlege Game Boy. Spelet er eit av dei mindre kjende verka til Shigeru Miyamoto. Det vart gjeve ut att gjennom Virtual Console til Nintendo 3DS i 2012.[1][2]
Mole Mania | |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD Pax Softnica | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Masayuki Kameyama | ||
Produsent(ar) | Shigeru Miyamoto | ||
Komponist(ar) | Taro Bando | ||
Plattform(er) | Game Boy | ||
Utgjeving | JP: 21. juli 1996 NA: Februar 1997 EU: 1997 | ||
Sjanger | Hjernetrim | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Mole Mania handlar om moldvarpen Muddy Mole, som må berge kona og barna sine etter at dei har blitt kidnappa av bonden Jinbe. For å finne kona og barna, må Muddy navigere seg gjennom verder fylte med gåter. Verdene består av eit nett av ruter, der kvar rute dekkjer heile skjermen. Desse er fylte med hindringar som blokkerer framgangen til neste skjerm.
Spelet handlar i hovudsak om å flytte ein svart ball til ein utgang på randen av skjermen for å komme vidare til den neste. Denne svarte ballen kan Muddy dytte, dra og kaste. Han kan også grave i jordsmonn for å finne underjordiske vegar rundt hindringar. Eit viktig element for å løyse gåtene i spelet, er å grave på dei riktige stadene ettersom hòla som blir til i bakken vil kunne hindre spelaren i å komme vidare. Viss ein kastar ballen i eit hòl, vil den returnere til startposisjonen. Viss ein endar opp med å lage hòl som gjer det umogeleg å få ballen i mål, må ein forlate skjermen og kome tilbake for å prøve på nytt.[3]
Referansar
endre- ↑ «Mole Mania». IGN. Henta 26. mai 2018.
- ↑ «Ukens nettutgivelser». Gamer.no. Henta 18. august 2018.
- ↑ «Mole Mania Review». NintendoLife. Henta 26. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (på japansk)