Moltustranda
Moltustranda er ei kystbygd og ein tettstad med 444 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Herøy kommune på Sunnmøre. Bygda ligg på nordsida av Gurskøya mot Herøyfjorden og er 7 kilometer lang frå ende til annan.
Moltustranda | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Areal | 0,63 km² | ||
Folketal | 444 (2023) | ||
Folketettleik | 705 / km² | ||
Postnummer | 6076 MOLTUSTRANDA | ||
Moltustranda 62°17′36″N 5°37′26″E / 62.29333333°N 5.62388889°E |
Moltu Skule har 54 elevar frå 1-7. klassetrinn. På Moltustranda er det også ein Coop-butikk, med ein eigen sosial krok i butikken for folk som vil slå av ein prat.
Bygda har eige idrettslag, Moltustranda IL, der fotballen står sentralt. Fotballaget spelar i 5. divisjon, og klubben har også eit aldersbestemt lag. Idrettsanlegget heiter Munkvoll stadion, og består av ei grasbane og ei grusbane.
Ved sidan av Munkvoll stadion står grendahus i bygda, der innbyggarane kan ha sosiale samankomstar som julefestar, 17. mai-feiring, dansar, konsertar og bygdedagar. Moltustranda har også eit anna forsamlingshus, nemleg Bedehuset, med lokalitet midt i bygda.
Bygda hadde tidlegare eige skulekorps, men har det siste tiåret hatt skulekorps saman med nabobygdene.
Skrivemåten av namnet var tidlegare Moldtustranda med d.
Fv10 i Møre og Romsdal går gjennom bygda.
Kjende personar frå Moltustranda
endre- Forfattaren Bjarne Rabben
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |