Mona-Lisa Pursiainen

Eivor Mona-Lisa Pursiainen, fødd Strandvall, (21. juni 19517. august 2000) var ein finsk sprintar frå Kronoby som vann bronsemedaljen på 200 meter ved EM i friidrett 1974, der ho også fekk sølv med det finske mannskapet i 4 x 400 meter stafett.

Mona-Lisa Pursiainen


Statsborgarskap Finland
Fødd 21. juni 1951
Kronoby
Død 7. august 2000 (49 år)
Grankulla
Idrett 100 meter sprint, 200 meter, 400 meter, 4 x 100 meter stafett, 4 × 400 meter stafett
Tok del i Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1976, EM i friidrett 1969, EM i friidrett 1971, EM i friidrett 1974, EM i friidrett innendørs 1973, EM i friidrett innendørs 1974, EM i friidrett innendørs 1976, Sommeruniversiaden 1973, Sommeruniversiaden 1975
Utmerkingar Finnish Sports Personality of the Year

Karriere

endre

Strandvall/Pursiainen vann 14 individuelle gullmedaljar i finske meisterskap. Ni kom på 100 meter i periodane 1967–1970 og 1973–1977, fire på 200 meter i perioden 1967–1970 og eitt på 400 meter i 1970. I tillegg var ho med på å vinne 12 gullmedaljar i stafettløp. Frå 1966 til 1978 deltok ho i samtlege landskampar mellom Finland og Sverige.

Pursiainen var på sitt aller beste i 1973. Ved universiaden i Moskva sigra ho både 100 meter og 200 meter. Vinnartida 22,39 sekund på 200 meter er framleis finsk rekord, femti år seinare. Under europameisterskapen 1974 i Roma sprang ho inn til bronse på 200 m og sjetteplass på 100 m. I den avsluttande 4 x 400 m stafett tok ho seg av den andre etappen då Finland kom i mål til sølv.

Ho deltok også i EM i friidrett 1969 i Aten, EM i friidrett 1971 i Helsinki, Sommar-OL 1972 i München og Sommar-OL 1976 i Montréal, utan å kvalifisere seg til ein individuell finale. I 4 × 400 meter stafett var ho derimot med på å springe Finland til åttandeplass i 1969, sjuandeplass i 1971 og 1972 og sjetteplass i 1976.

Purisiainen sette 21 finske rekordar, fordelt på distansane 100, 200 og 400 meter. I 1973 vart ho kåra til årets idrettsutøvar i Finland, som den aller fyrste kvinna.

Pursiainen døydde av brystkreft, etter å ha vore sjuk i fleire år.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mona-Lisa Pursiainen