Mona Fagerås

norsk politikar

Mona Lill Fagerås (fødd 9. januar 1972) er ein norsk lærar og politikar frå Buksnes i Vestvågøy. Ho var 2015-17 fylkesråd for næring i Nordland, og er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti.

Mona Fagerås

Fødd9. januar 1972 (52 år)
Harstad kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Fagerås er utdanna lærar ved Høgskolen i Tromsø og studerte sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 1996 underviste ho på ulike skular, var ei tid rektor ved Buksnes og Opdøl skole.[1]

Fagerås var kommunestyremedlem i Vestvågøy frå 2003, frå 2011 med sete i formannskapet.[1] Etter fylkestingsvalet 2015 tok Fagerås over som Nordlands fylkesråd for næring og regional utvikling,[2] ein posisjon ho hadde til hausten 2017. Ved stortingsvalet 2017 var ho SV sin fyrstekandidat i Nordland, og fekk plass på Tinget med utjamningmandat. Ho vart attvald til stortinget 2021-25. Perioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Mona Fagerås». Nordland fylkeskommune. Arkivert frå originalen 7. mai 2016. Henta 9. mai 2016. 
  2. Valberg, Ingvil (18. september 2015). «Mona Fagerås inn i fylkesrådet». Lofotposten. Henta 9. mai 2016.