Mongoland
Mongoland, er ein norsk film frå år 2000. Filmen kan kategoriserast som ein romantisk komedie. Handlinga går føre seg i Stavanger og på Jæren. Filmen vart laga av ein gjeng filmstudentar i Stavanger. Dei hadde eit lågt budsjett til rådvelde, men filmen vart populær på kino.
Regi | Arild Østin Ommundsen | ||
---|---|---|---|
Medverkande | Pia Tjelta | ||
Musikk | Cloroform | ||
Utgjevingsdato | 2001 | ||
Lengd | 84 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | romantisk komedie, julefilm |
Mongoland vann prisen Gullklapperen på utdelinga av Amandaprisen i 2001.
- Regi: Arild Østin Ommundsen
- Manus: Gro Elin Hjelle, Eigil Kvie Jansen og Arild Østin Ommundsen
- Produsent: Ingrid Festøy Ottesen
Skodespelarar
endre- Kristoffer Joner (Kristoffer. Var kjærasten til Pia, stor fan av Christopher Walken. Han forsvann sporlaust for to månadar sidan)
- Pia Tjelta (Pia. Var kjærast med Kristoffer før ho reiste til England sommaren 1999).
- Vegar Hoel (Vegar. Kjærast med Silje. Har ein innbilt fysisk skavank.)
- Reidar Ewing (Wayne)
- Kim Andersen
- Gaute Garlid (Gaute)
- Eigil Kvie Jansen
- Marko Iversen Kanic
- Stian Kristiansen (Stian, spelte i rockeband saman med Kristoffer)
- Gary Cranner Lubovich (Gary, samfunnsengasjert rapp artist)
- Silje Salomonsen (Silje)
- Kyrre Haugen Sydness (Kyrre)
- Jørgen Tjemsland
- Terje Torkildsen (Prinsippfast taxisjåfør med hovudfag i idéhistorie)