Monica Sandve (fødd 3. desember 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Vigrestad i Rogaland. Åra 2000-02 var ho som venstreveng med om å vinne OL-bronse, VM-sølv og EM-sølv for Noreg.

Monica Sandve
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. desember 1973 (50 år)
Stavanger kommune
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Sandve spelte på tredjedivisjonslaget Bryne i 1990/91-sesongen. Deretter var ho aktiv på Hinna IL i 2. divisjon i tre år. Frå 1994 til 2005 bidrog ho for Nordstrand IF i toppserien, eit lag ho vart seriemeister med i 200?.

Sandve fekk sin landslagsdebut 15. juni 1995, den neste landskampen kom fyrst 10. mars 2000. Dei neste åra fram til og med Handball-VM 2003 var ho fast i den norske landslagstroppa. I denne perioden deltok ho i alle dei internasjonale meisterskapsturneringane med Noreg, noko som resulterte i OL-bronse i Sydney hausten 2000, og sølvmedaljar etter finaletap mot Danmark både under VM 2001 og EM 2002. Sandve enda opp med 94 landskampar og 245 landslagsmål.

Merittar endre

Kjelder endre