Moog synthesizer viser til forskjellige analoge synthesizerar designa av Dr. Robert Moog eller produsert av Moog Music, og vert ofte nytta som eit generelt omgrep for analoge og digitale synthesizerar. Selskapet Moog var ein pioner innan kommersiell produksjon av modul-spenningskontrollerte analoge synthesizersystem tidleg i 1950-åra. Den teknologiske utviklinga som førte til skapinga av Moog synthesizer var oppfinninga av transistoren, som gjorde at forskarar som Moog kunne byggje elektroniske musikksystem som var langt mindre, billigare og langt meir pålitelege enn tidlegare vakuumrøyrbaserte system.

Moog synthesizers in 2007
Wall of Moog hos Cantos Music Foundation

Moog synthesizer byrja å få meir merksemd i musikkindustrien etter at han vart demonstrert på Monterey International Pop Festival i 1967. Det kommersielle gjennombrotet for ei Moog-innspeling vart gjort av Wendy Carlos i 1968 på plata Switched-On Bach, som vart ei av dei bestseljande innspelingane med klassisk musikk på denne tida.[1] Suksessen til Switched-On Bach førte til fleire andre synthesizer-plater seint i 1960-åra fram til midten av 1970-åra. I 1974 gjorde den tyske elektroniske gruppa Kraftwerk synthesizeren ytterlegare populær med utgjevinga av albumet Autobahn, der ein nytta fleire typar synthesizerar, som Minimoog. Den Tyskland-baserte italienske produsenten og låtskrivaren Giorgio Moroder var med å forme utviklinga av disco med instrumentet.

Minimoog vart eit av dei mest populære monofone synthesizerane i 1970-åra og vart raskt teken i bruk av førande rocke- og elektronikagrupper som Yes og Tangerine Dream.

Modellar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre