Moonlight Serenade

«Moonlight Serenade»[1] er ein amerikansk popsong skriven av Glenn Miller og sidan med tekst av Mitchell Parish. Han vart raskt eit fenomen då han kom ut i mai 1939 som ein instrumental og vart signaturlåten til Miller. I 1991 vart innspelinga til Miller av «Moonlight Serenade» innlemma i Grammy Hall of Fame.

«Moonlight Serenade»
Musikk av Glenn Miller
Tekst av Mitchell Parish
Publisert 1939
Moonlight Serenade
av Glenn Miller
A-side

«Sunrise Serenade»

Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1939
Innspelt 4. april 1939,
RCA Bluebird
Sjanger Jazz
Lengd 3:16
Selskap Bluebird Records, Bluebird B-10214-B
Komponist Glenn Miller
Låtskrivar(ar) Glenn Miller
Produsent Glenn Miller

Songen vart sspelt inn 4. april 1939 på RCA Bluebird, og nådde tredjeplassen på den amerikanske singellista i 1939. Glenn Miller hadde fem innspelingar på topp 20 i 1939.

I Storbritannia vart «Moonlight Serenade» gjeve ut som singel på His Master's Voice med «American Patrol» som B-side. Innspelinga nådde 12. plassen i Storbritannia i mars 1954. I ein medley med «Little Brown Jug» og «In the Mood», nådde «Moonlight Serenade» 13. plassen i Storbritannia i januar 1976.[2]

Bakgrunn

endre

Innspelinga nytta ein klarinett-leia saksofonseksjon, som vert rekna som den klassiske Glenn Miller-stilen. Miller studerte Schillinger-teknikk med Joseph Schillinger,[3] som har fått æra for å ha hjelpt Miller i å finne «Miller-stilen, og det var under han at Miller skreiv «Moonlight Serenade».[4]

Songen utvikla seg frå ein versjon frå 1935 kalla «Now I Lay Me Down to Weep», med musikk av Glenn Miller og tekst av Eddie Heyman til ein versjon kalla «Gone with the Dawn» med tekst av George Simon,[5] og «The Wind in the Trees» med tekst avMitchell Parish. I biografien om Glenn Miller, fortalde George T. Simon korleis vokalisten Al Bowlly frå Ray Noble Orchestra song han Eddie Heyman-teksten til Glenn Miller-musikken av «Now I Lay Me Down to Weep» i 1935. The Noble Orchestra spelte aldri inn songen. Til slutt enda han opp som «Moonlight Serenade» fordi Robbins Music kjøpte musikken og fekk vite at Miller spelte inn ein versjon av «Sunrise Serenade», ein song knytt til Frankie Carle,[6] for RCA Victor. Dei meinte «Moonlight» ville passe fint saman med «Sunrise».[7]

«Now I Lay Me Down to Weep» vart komponert i 1935 med tekst av Eddie Heyman og musikk av Glenn Miller. Etter at «Moonlight Serenade» opphavleg vart gjeven ut som ein instrumental, vart han ein stor hit i 1939. Mitchell Parish skreiv då ny tekst til musikken med denne tittelen.

Andre versjonar

endre

Ein kjend versjon er gjort av Frank Sinatra på hans Moonlight Sinatra i 1965, som òg inneheld «Moon Love», «Moonlight Becomes You» og «Oh, You Crazy Moon», som vart spelte inn av Glenn Miller and his Orchestra. Frank Sinatra gav òg ut songen på singel i 1966. I 1939 spelte Count Basie and His Orchestra inn ein av dei tidlegaste versjonane med tekst av Mitchell Parish på singel, Vocalion 5036.

«Moonlight Serenade» har sidan blitt spelt inn av Barry Manilow, Carly Simon, The Airmen of Note, Charlie Haden, Marc Reift, Chet Baker med The Mariachi Brass i 1966, Santo and Johnny, Thelma Houston, Carol Burnett, Toots Thielemans, Deodato, som nådde 18. plassen på Billboard Easy Listening-lista, Count Basie and his Orchestra med vokal av Helen Humes i 1939, Benny Goodman and his Orchestra, Cab Calloway, The Modernaires, Gene Krupa and his Orchestra, Freddy Martin and his Orchestra, Bert Kaempfert, Ray Conniff, Mina, Dick Todd on RCA Bluebird, Geoff Love and His Orchestra, Lloyd Gregory på sologitar, Dick Hyman, Maxwell Davis and his Orchestra, Tony Evans, Los Indios Tabajaras, David Rose, Richard Himber, Fi Dells Quartet, Waikikis, The Universal-International Orchestra dirigert av Joseph Gershenson, Oleg Lundstrom, Charlie Byrd, Taco, Alix Combelle, Richard Vaughn, Lisa Ono, Eddie Maynard, Simone Kopmajer, Hamburg Philharmonia, Frankie Capp, Dave, Robert Banks Trio, Karel Vlach, Transatlantic Swing Band, Frankie Condon Orchestra, The Romantic Strings, Paul Mauriat, Tommy Leonetti, Johnny Desmond, Boston Pops under Arthur Fiedler, John Williams, Keith Lockhart, Charlie Calello Orchestra, J.P. Torres and the Cuban All Stars, Tex Beneke and His Orchestra, the Manhattan Jazz Orchestra, Urbie Green, Bob Mintzer, Laura Fygi, Max Greger, Mario Pezzotta and His Orchestra, 101 Strings, Andrés Ramiro and His Orchestra, The Hiltonaires, Big Warsaw Band, Pep Poblet, Ray Anthony, Cheryl Bentyne, Bobby Hackett i 1965, The 12 Cellists of the Berlin Philharmonic, Joe Loss, Ted Heath, Lawrence Welk, Henry Mancini, James Last, Michael Maxwell and His Orchestra, John Blair, Ray Eberle, Enoch Light, Modern Folk Quartet, Buddy Emmonssteelgitar, The Rivieras, som nådde 47. plassen på poplista i USA i 1959, Tuxedo Junction, Yasuko Agawa, George Melachrino, Kurt Edelhagen, Ella Fitzgerald, Oscar Rabin, Henry Jerome and his Orchestra, Kurt Elling, Syd Lawrence, The Ventures, Archie Bleyer, Mantovani, Bobby Vinton, som nådde 97. plassen på Billboard Hot 100 i 1976, og rockebandet Chicago på albumet Night & Day Big Band.[8][9]

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Moonlight Serenade» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2015.
  • Flower, John. Moonlight Serenade: A Bio-discography of the Glenn Miller Civilian Band. New Rochelle, NY: Arlington House, 1972.
  • Simon, George Thomas. Simon Says. New York: Galahad, 1971. ISBN 0-88365-001-0.
  • Simon, George Thomas. Glenn Miller and His Orchestra. NY: Crowell, 1974.
  1. «Moonlight Serenade». Amazon.co.uk. Henta 12. oktober 2012. 
  2. Song artist 6 - Glenn Miller..
  3. "Joseph Schillinger, the forgotten Guru», The Schillinger School of Music
  4. "Who Is Joseph Schillinger?", arkivert frå originalen 19. februar 2009, henta 31. oktober 2015 , The Schillinger System.
  5. Simon, George T. Glenn Miller and his Orchestra, pp, 71-72.
  6. Frankie Carle, Band Leader Who Wrote 'Sunrise Serenade,' Dies at 97 - NYTimes.com
  7. Simon. s. 162-163.
  8. A comprehensive reference to who has recorded «Moonlight Serenade» is ASCAP's listing at [1].
  9. Second Hand Songs: Moonlight Serenade.

Bakgrunnsstoff

endre

Mal:Glenn Miller