Morfologi i biologi
(Omdirigert frå Morfologi i biologien)
I biologien er morfologi eit omgrep som gjeld korleis ein organisme er bygd opp, og faget som studerer denne oppbygginga. Morfologi er ein viktig føresetnad for mange andre biologiske disiplinar, til dømes evolusjonsbiologi og fysiologi.
Faget er ein del av både botanikken, mikrobiologien, mykologien og zoologien), og kan vidare delast inn i fleire spesialfelt:
- karyologi (studiet av talet og forma på kromosoma)
- cytologi (cellebiologi),
- histologi (studiet av vevstypane)
- osteologi (studiet av skjelettet)
- organologi (studiet av den indre oppbygginga av kroppen og organa)
- eidonomi (studiet av den ytre oppbygginga av kroppen)
Omgrepet anatomi blir brukt om dei fem første av desse greinene, det vil seie alle bortsett frå eidonomi.