Morley i West Yorkshire

Morley er ein by med kring 60 000 innbyggjarar som har vokse saman med Leeds i England i Storbritannia. Historisk sett har kolgruvedrift og produksjon av ullvarer vore viktige næringar. Administativt er byen del av City of Leeds.

Morley
by
Land  England
Region West Yorkshire
Distrikt City of Leeds
Folketal 35 776 (2021)[1]
Postnummer LS27
Retningsnummer 0113
Kart
Morley i West Yorkshire
53°44′57″N 1°36′08″W / 53.749166666667°N 1.6022638888889°W / 53.749166666667; -1.6022638888889
Wikimedia Commons: Morley, West Yorkshire

Morley ligg rundt 5 miles (8 km) sørvest for Leeds sentrum. Han er bygd på sju åsar: Scatcherd Hill, Dawson Hill, Daisy Hill, Chapel Hill, Hunger Hill, Troy Hill og Banks Hill.

Historie

endre

Morley er nemnd i Domesday Book frå 1086 som Morelege, Morelei and Moreleia. Namnet tyder ‘ope område ved ei hei’, frå gammalengelsk mōr, ‘hei, lysning, beite’ og lēah, ‘ope område, lysning’.[2]

Byen blei kjend for tekstilindustrien sin, særleg produksjon av shoddy, som blei nytta av begge sider i den amerikanske borgarkrigen.

7. oktober 1872 blei 34 menneske drepen i ein gruveeksplosjon ved Morley Main Colliery.[3]

Rådhuset i byen, Morley Town Hall, blei bygd frå 1892[4] og offisielt opna av H.H. Asquith, som var frå byen, den 16. oktober 1895.

Vennskapsbyar

endre

Byen Siegen i Tyskland er venskapsby med Morley.

Kjende personar frå Morley

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024. 
  2. Victor Watts (red.), The Cambridge Dictionary of English Place-Names, Based on the Collections of the English Place-Name Society (Cambridge: Cambridge University Press, 2004), s.v. MORLEY WYorks.
  3. «Morley Main Colleriey Explosion – Leeds – 1872». 
  4. «Morley Town Hall, laying of Memorial Stone». Leodis. Henta 10. april 2020. 
  5. «Mausoleum – Scatcherd Family, St. Marys, Leeds – July 09». 7 October 2011. Arkivert frå originalen 7. oktober 2011. 
  6. Crawford, Elizabeth (2001). The Women's Suffrage Movement: A Reference Guide, 1866–1928. Routledge. ISBN 9780415239264. Henta 28. februar 2017 – via Google Books. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Morley i West Yorkshire
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.