Mortensrud kyrkje

kyrkje i Oslo

Mortensrud kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2002 i Søndre Nordstrand, Oslo kommune. Ho er teikna av arkitektane Jan Olav Jensen og Børre Skodvin frå Jensen & Skodvin Arkitektkontor. Kunstnarleg koordinering var ved Kirkelig kulturverksted.[1]

Mortensrud kyrkje
Mortensrud kirke
Mortensrud kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Søndre Aker
Sokn Klemetsrud og Mortensrud
Fellesråd Oslo
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Jensen & Skodvin v/Jan Olav Jensen
Material Glas, stein, stål og tegl
Innvigd 28. april 2002
Kyrkjegard Nei
Preikestol I stål, formgjeve av interiørarkitekt Terje Hope
Døypefont Stålramme med glasfat
Altartavle Gunnar Torvund
Sitjeplassar 550
Kart
Mortensrud kyrkje
59°50′48″N 10°49′56″E / 59.846677°N 10.832305°E / 59.846677; 10.832305
Wikimedia Commons: Mortensrud kirke
Mortensrud kyrkje, bilete frå interiøret med eit tre.
Foto: Andrewrabbott
Bilete sett mot altaret
Foto: Andrewrabbott

Kyrkja står på ein skogkledd kolle med høge furuer rundt. Anlegget er samansett av to volum, kyrkje mot nord og forsamlingssenter i sør bundne saman med ein kyrkjebakke. Grunnplanet til bygget har ei langstrekt, rektangulær form med saltak over sjølve kyrkjerommet. I forlenging av kyrkjerommet kjem kyrkjetorget med flatt tak. Kyrkja har frittståande klokketårn i tre ved det sør-vestlege hjørnet. Kraftige murar i skifer framhevar fargane i landskapet samstundes med at dei store glasflatene reflekterer vegetasjonen og ljoset frå himmelen.

Kyrkja var kontroversiell i si tid, mellom anna fordi ein her tok i bruk langkyrkjeforma og fordi altaret ligg mot nord, og golvet har ei svak helling nedover mot altarpartiet.[1]

Interiør og inventar endre

Kyrkjerommet har hovudskip med to sideskip og galleri. Golvet fylgjer terrenget og har eit svakt fall fram mot fondveggen ved altarpartiet. I betonggolvet ligg berget ope framme ved koret og bak delar av benkane.

Preikestolen er ein lesepult i stål og tre og er montert i berget framme ved koret. Altaret og altartavla er trukket litt mot aust. Altartavla dekkjer ein stor del av glaspanelet i fondveggen. Arkitekturen er prega av grå murar og svarte stålkonstruksjonar.

Arkitekturprisar endre

Mortensrud kyrkje og arkitektane har vunne ei rekkje arkitekturprisar, mellom anna Houens fonds diplom og Norsk Stålkonstruksjonspris.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Mortensrud kirke». Kyrkjesøk. Henta 9. september 2017. 

Litteratur endre

  • Dahle, Einar; Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 268-277. ISBN 978-82-91399-12-6. 
  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Are Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 61-62. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 367. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff endre