Opna hovudmenyen

Gunnar Torvund

norsk billedhogger

Gunnar Torvund (9. juli 194814. oktober 2019) var ein norsk skulptør og biletkunstnar. Han voks opp i Hå kommuneJæren og utdanna seg ved kunstakademiet i København og Statens kunstakademi i Oslo.

Gunnar Torvund
Fødd 9. juli 1948
Nærbø
Død

14. oktober 2019

Yrke kunstmålar, bilethoggar

Formspråket hans var mykje inspirert av afrikansk og egyptisk kunst, veldig stilisert. Han henta mykje symbolikk frå religionen. Eit av temå hans vr reise/livsferd, og mange av arbeida hans har eit veldig lyrisk drag. Ikkje so underleg at han samarbeidde med lyrikarar som Paal-Helge Haugen og bror sin Helge Torvund. Men meir kjend er han kanskje for utskmykkingar han har laga til kyrkjebygg. Her må nemnast kapellet på Nordkapp, altertavla i Eidsvåg kyrkje utanfor Bergen, eit arbeid som skapte mykje kontrovers i 1982, og Mortensrud kyrkje. Han har også vorte kjend for det han kalla hustavler: Figurar med eit kanskje religøst tilsnitt og som ikkje er tenkte i kyrkjerom. Ofte er det treplater med eit hovud, ei maske eller eit relieff midt i. Dei har eit meditativt preg. Materiala hans har vore til dels utradisjonelle. Ein kan finna bladgull, elfenbein, finer, fjør, lêr, rav, pleksiglas i tillegg til dei meir vanlege som stein og tre.

Torvund mottok fleire stipend, mellom anna Statens arbeidsstipen 1977 til 1980, og garantiinntekt frå 1999. I desember 2007 mottok han Ingeborg og Per Palle Storms ærespris (saman med bilethoggaren Nina Sundbye).

BakgrunnsstoffEndra