Opna hovudmenyen

Mosfilm (russisk skrift Мосфильм) er eit russisk filmselskap.

Mosfilm
Mosfilm Studios Entrance Sign Moscow.jpg
Inngangsskiltet til filmstudioet Mosfilm i Mosfilmovskaja-gata i ambassade- og filmstrøket i Moskva.
Skipa30. januar 1920
DotterselskapARK-fiim, Zhanr Film, Kinoslovo, Ritm, Kurier, Cinema Line
BransjeFilmindustri, filmproduksjon Edit this on Wikidata
Nettstadmosfilm.ru

Mosfilm blei oppretta i 1920 då to private selskap blei nasjonaliserte. Det er rekna som det største og eldste filmselskapet i Russland og Europa som enno er verksamt. Det fekk sitt noverande namn i 1935. Selskapet var involvert i dei fleste store filmane frå Sovjetunionen og produserte omkring 2500 filmar i mange sjangrar fram til 1991 — til dømes montasjefilm og kunstfilmar som dei av Sergei Eisenstein og Andrej Tarkovskij, og dessutan kommunistiske westernfilmar og større internasjonale samproduksjonar.

Etter at Sovjetunionn fall heldt selskapet fram som ei halvprivat verksemd. Mosfilm driv i dag blant anna utleige av filmutstyr, kostyme, rekvisittar og lokale. Studioområdet er òg blitt eit anlegg for populære sightseeingturar som «Russlands Hollywood».

Frå 1947 var Vera Mukhina sin monumetale stålstatue «Arbeid og kolkosarbeiderske», opphavleg frå 1935 og utført i sosialistisk realisme, logo og vignettbilete for Mosfilm.

Filmar i utvalEndra

 
Den berømte trappescenen frå Sergej Eisenstein sitt meisterverk Panserkrysseren Potemkin, ein dramatisert dokumentarfilm produsert av Mosfilm i 1925
 
Frå Mosfilm sin musikalkomedie Hele verden ler frå 1934
  • 1925: Panserkrysseren Potemkin (Броненосец Потëмкин), dramatisert dokumentar, regi Sergej Eisenstein
  • 1934: Hele verden ler (Весёлые ребята), Sovjetunionens første musikalkomedie
  • 1935: Aerograd (Аэроград), science fiction-film, regi Aleksandr Dovsjenko
  • 1938: Volga-Volga (Волга-Волга), musikalsk komedie
  • 1938: Aleksandr Nevskij (Александр Невский), historisk drama, regi Eisenstein
  • 1941: De møttes i Moskva (Свинарка и пастух), musikal
  • 1946: Ivan den grusomme (Иван Грозный), historisk drama, regi Eisenstein
  • 1957: Og tranene flyr (Летят журавли), krigsfilm, regi Mikhail Kalatozov
  • 1959: Historien om en soldat (Баллада о солдате), krigsfilm, regi Grigorij Tsjukhraj
  • 1961: De flammende år (Повесть пламенных лет), regi: Julia Solntseva
  • 1964: Soy Cuba (Я – Куба)
  • 1968: Krig og fred (Война и Мир)
  • 1969: Brødrene Karamasov (Братья Карамазовы)
  • 1973: Tidsmaskinen (ван Васильевич меняет профессию), regi: Leonid Gajdaj
  • 1975: Afonja (Афоня)
  • 1975: Dersu Uzala (Дерсу Узала/Dersu Uzala), regi Akira Kurosawa
  • 1976: Med Grimm og Gru (Мама), regi Elisabeta Bostan
  • 1977: Mimino (имино)
  • 1979: Moskva tror ikke på tårer (Москва слезам не верит)
  • 1979: Stalker (Сталкер), regi Andrej Tarkovskij
  • 1983: Nostalgia (Ностальгия), regi Andrej Tarkovskij
  • 2002: Zvezda (Звезда)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra