Sergej Eisenstein

Sergej Eisenstein (23. januar 189811. februar 1948) var ein russisk filmregissør og filmteoretikar fødd i Riga, i dagens Latvia. Han er mest kjend for dei nyskapande filmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober. Han er rekna som den leiande filmregissøren frå Sovjetunionen.[1]

Sergej Eisenstein

Fødd10. januar 1898 (etter juliansk kalender), 23. januar 1898 (etter gregoriansk kalender)
FødestadRiga
Død11. februar 1948 (50 år)
DødsstadMoskva
FødenamnСергей Михайлович Эйзенштейн, Sergej Mikhajlovitsj Ejzensjtejn
Aktive år1924–1945
Verka somfilmregissør, oppfinnar, filmklyppar, manusforfattar, lærar, filmfotograf, teiknar, fotograf, regissør
FarMikhail Eisenstein
EktefellePera Atasjeva
PrisarStalinprisen, Leninordenen, Ærestegnets orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum

Nyskaping endre

Eisenstein var ein pionér når det gjeld redigering, og til forskjell frå samtidige regissørar meinte han at ein kunne framskaffa kjensler hjå publikum med den rette redigeringa av filmen. Bøkene hans om temaet har hatt innflyting på fleire store regissørar.

Stumfilmane Pansarkryssaren Potemkin og Oktober, som båe er baserte på sanne historier og presentert på ein «realistisk» måte, har hatt stor innverknad på tidlege regissørar av dokumentarfilmar.

Liv endre

 
Den unge Sergej med foreldra Mikhail og Julija Eisenstein

Sergej Eisenstein var fødd i Riga, som då var del av Tsar-Russland,[2] med jødisk-tyskbaltisk far og russisk mor. Han vart gripen av den russiske revolusjonen i 1917, og melde seg friviljug til den raude arméen i 1918.

Eisenstein var ein populær filmregissør i Sovjetunionen. Ei reise til Europa og Hollywood, der han ikkje lukkast som regissør, gjorde at han etter kvart vart sett på med mistru av Josef Stalin og kommunistpartiet.

Han døydde i Moskva der han er gravlagd på Novodevitsjijgravstaden.

Nokre utvalde filmar endre

Kjelder endre

  1. Svendsen, Trond Olav (16. desember 2020). «Sergej Eisenstein». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Mitry, Jean (February 7, 2020). «Sergey Eisenstein - Soviet film director». Encyclopaedia Britannica. Arkivert frå originalen May 29, 2019. Henta March 18, 2020.