Opna hovudmenyen

Vera Ignatjevna Mukhina (fødd 19. juni 1889 i Riga, daud 6. oktober 1953 i Moskva) var ein russisk bilethoggar med ei framståande stilling innnan sovjetisk kunst. Ho er særleg kjend for monumentalstatuen 'Arbeidar og kolkhozkvinne' frå 1937.

Vera Mukhina
Nesterov-Mukhina.jpg
Portrett av Vera Muchina (1937) av Michail Nesterov.
Fødd 1. juli 1889
Riga
Død

6. oktober 1953
Moskva

Yrke bilethoggar

Innhaldsliste

LivEndra

Bakgrunn og tidlig virkeEndra

Vera Mukhina kom frå ein velståande kjøpmannsfamilie i Latvia og voks opp i Riga, på Krim og i Moskva.

 
'Mann med eit sverd', 1916
 
Den sovjetiske paviljongen med Vera Mukhina sin skulptur 'Arbeidar og kolkhozkvinne' frå Verdsutstillinga i Paris i 1937.

Ho byrja høgskuleutdanninga si ved kunstskulen til Konstantin Juon i Moskva 1908-11. Deretter drog ho, som mange kunstnarar på denne tida, til Paris. I Paris studerte ho ved fleire private kunstskular, som Académie Colarossi og ved Académie de La Palette. Lærarane hennar var blant anna Antoine Bourdelle (assistent for Auguste Rodin), Henri Le Fauconnier og Jean Metzinger.[1] Ho studerte også ved Académie de la Grande Chaumière og blei undervist av Emile-Antoine Bourdelle, og fortsette deretter til Italia for å gjøre seg kjent med kunst og skulptur frå den italienske renessansen.

I 1915 og 1916 var ho assistent for Aleksandra Ekster ved Alexander Tairov sitt kammerteater i Moskva. I 1918 gifta ho seg med militærkirurgen Aleksej Zamkov, som fann opp legemiddelet gravidan.

Virke etter den russiske revolusjonenEndra

Etter oktoberrevolusjonen i 1918 engasjerte Mukhina seg i eit prosjekt for monument over revolusjonsheltane som var blitt lansert av Lenin. Ho arbeidde også med teaterscenografi og kostyme. På 1920-talet var ho lærar i skulptur ved kunstindustrielle høgskular i Moskva, og laga fleire kjende skulpturar, som 'Revolusjonselden' med kubistiske stiltrekk (1922) og den meir tradisjonelle 'Bondekvinne' (1927). Verka hennar var høgt skatta av Anatolij Lunatsjarskij, folkekommissaren for utdanning.[1][2]

I 1931 blei mannen til Vera Mukhina utsett for politisk forfølging som hindra arbeidet hans som forskar, og dei bestemte seg for å emigrera. Dei blei arresterte på eit tog på veg vestover og blei forvist til Voronezj sør i Russland. Etter eit år fekk paret løyve til å venda attende til Moskva.[3]

Nokre år seinare skapte Mukhina den drøyt 24 meter høfe monumentale stålstatuen 'Arbeider og kolkhoskvinne', eit av dei best kjende verka knytt til sosialistisk realisme. Mannen og kvinna i skulpturen løftar hammar og sigd saman, og dannar slik symbolet for Sovjetunionen. 'Arbeidar og kolkhoskvinne' krona den sovjetiske paviljong på Verdeutstillinga i Paris i 1937. Statuen blei også eit symbol for filmstudioet Mosfilm. Skulpturgruppa blei restaurert 2003-2009 og plassert i Det allrussiske utstillingssenteret i Moskva.

Forfølgingane mot mannen til Mukhina byrja igjen under den store utrenskinga, og i 1938 blei han fråteken laboratoret sitt. Fire år seinare døydde han og etterlet henne i stor sorg.[4]

 
Skulptur ved Volgograd planetarium.

Under og etter den store fedrelandskrigen (andre verdskrigen) utførte Mukhina fleire monumentale verk, mellom anna skulpturgruppa 'Me krev fred' og ein stor statue av Maksim Gorkij. På 1950-talet utvikla ho teknikkar for skulpturar av glas og arbeidde med formgjeving. Ho teikna tekstil, klede, glas og porselen, i tillegg til kostyme for Vakhtangovteateret i Moskva.[4]

Frå 1941 til 1952 vann Mukhina Stalinprisen fem gongar, og blei utropt til Folkekunstar av Sovjetunionen i 1943. I 1953 skreiv ho boka 'Tankane til en skulptør'.

VerkEndra

(Utval)

  • 'Revolusjonselden', 1922
  • 'Bondekvinne', 1927
  • 'Kostymeteikning', 1920-talet
  • 'Arbeidar og kolkhozkvinne',1937
  • 'Me krev fred', 1950–1951
  • 'Monument over Maksim Gorkij'
  • 'Aster', vase av glas, 1950-talet

Prisar og utmerkingarEndra

(urval)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Vera Mukhina, Tretjakovgalleriet
  2. Vera Muchina, Fembio.org
  3. Matthew Cullerne Bown; Socialist Realist Painting, Yale University Press, 1998, ISBN 0-300-06844-1, side 116.
  4. 4,0 4,1 Vera Mukhina, Russiapedia.com

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Vera Mukhina