Mohammad Mossadegh
(Omdirigert frå Mossadegh)
Mohammad Mossadegh eller Mosaddeq (19. mai 1882–5. mars 1967) var demokratisk vald statsminister i Iran frå 1951 til 1953, da han vart fjerna frå makta ved eit statskupp støtta av USA og Storbritannia.[1] Etter dette vart Iran eit diktatur under sjahen.
Mohammad Mossadegh | |||
| |||
Fødd | 16. juni 1882 Teheran | ||
---|---|---|---|
Død | 5. mars 1967 (84 år) | ||
Statsborgar av | Det Iranske imperiet | ||
Yrke | politikar, diplomat, skribent | ||
Utdanna ved | Sciences Po Universitetet i Paris Université de Neuchâtel | ||
Mor | Najm al-Saltaneh | ||
Far | Mirza Hedayatollah | ||
Barn | Gholamhossein Mossadegh | ||
Alle verv |
Mossadegh var forfattar, administrator, advokat og politikar, kjend for sin motstand mot utanlandsk dominans over Iran. Han var arkitekten attom nasjonaliseringa av det utanlandsk-kontrollerte Anglo-Iranian Oil Company (seinare BP), noko som førte til statskuppet mot han.
Mossadegh vart fengsla i tre år, og sat så i husarrest for resten av livet.
Ei sterk kraft attom kravet om nasjonalisering var òg Tudehpartiet, som vart forbode etter kuppet.
Kjelder
endre- ↑ Dehghan, S.K. og Norton-Taylor, R. CIA admits role in 1953 Iranian coup, Theguardian.com, 19/8-2013.
- Denne artikkelen bygger på «Mohammad Mosaddeq» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2009.