Mount Bjaaland
Mount Bjaaland er eit fjell på 2675 moh. som ligg søraust på massivet ved toppen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella i Antarktis. I november 1911 vart fleire fjell i nærleiken observerte og grovt plasserte på kartet av Roald Amundsen og laget hans på veg til Sørpolen. Amundsen namngav eit av dei etter Olav Bjaaland, eit medlem av gruppa. Dette fjellet vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960-64. For å bevare det historiske namnet frå dette området, valde Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) dette fjellet som Mount Bjaaland. Andre fjelltoppar i massivet er kalla opp etter andre medlemmar av gruppa som var med Amundsen til Sørpolen.
Mount Bjaaland | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 2 675 moh. | ||
- koordinatar | 86°33′S 164°14′W / 86.550°S 164.233°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Bjaaland 86°33′00″S 164°13′59″W / 86.55°S 164.233°W | |||
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Bjaaland» (innhald frå Geographic Names Information System).