Mount Charity
Mount Charity er eit massivt fjell 9 nautiske mil sør for Mount Hope, som ligg 2680 moh ved sørenden av Eternity Range nord i Palmer Land. Det vart oppdaga frå lufta og vart namngjeven av Lincoln Ellsworth i løpet av flyturen hans 21, og 23. november 1935. Det vart kartlagd av John Riddoch Rymill frå British Graham Land Expedition i november 1936. Fjellet vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940, og av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i desember 1947. Fjellet er eit av tre store fjell i Eternity Range som Ellsworth namngav etter dydane Faith (tru), Hope (håp) og Charity (kjærleik).[1]
Mount Charity | |||
fjell | |||
Mount Charity sett frå aust
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Eternity Range | ||
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 2 680 moh. | ||
- koordinatar | 69°54′S 64°34′W / 69.900°S 64.567°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Charity 69°54′00″S 64°34′00″W / 69.9°S 64.5667°W | |||
Wikimedia Commons: Mount Charity |
Kjelder
endre- ↑ «Charity, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Charity, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).