Mount Ethelred er eit hovudsakleg isdekt fjell på 2470 moh. som ligg 3 nautiske mil søraust for Mount Ethelwulf og 8 nautiske mil innover frå George VI Sound i Douglas RangeAleksanderøya i Antarktis. Fjellet vart truleg først observert av Lincoln Ellsworth, som fotograferte austsida av Douglas Range frå lufta den 23. november 1935. Austsida vart grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition. Fjellet vart kartlagt på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og kalla opp etter Æthelred I, ein saksisk konge av England, 865–871. Vestsida av fjellet vart kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, av D. Searle frå FIDS i 1960.[1] Mount Ethelred er det sjuande høgaste fjellet på Aleksanderøya.

Mount Ethelred
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Douglas Range
Topp Aleksanderøya
 - høgd 2 470 moh.
 - koordinatar 70°4′S 69°29′W / 70.067°S 69.483°W / -70.067; -69.483
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Ethelred
70°04′00″S 69°29′00″W / 70.0667°S 69.4833°W / -70.0667; -69.4833
Mount Ethelred is located in Antarktis
Mount Ethelred (Antarktis)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ethelred, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).