Douglas Range

Douglas Range er ei fjellkjede med ein skarp fjellkam, med toppar på over 3 000 moh som strekkjer seg 120 km frå nordvest til søraust frå Mount Nicholas til Mount Edred. Ho har ei bratt austside av Aleksanderøya i Britisk Antarktis, oppom norddelen av George VI Sound.

Douglas Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 70°0′S 69°35′W
Administrert under Antarktistraktaten

Douglas Range
70°0′0″ S 69°34′0″ W
Douglas Range is located in Antarktis
Douglas Range (Antarktis)

Mount Nicholas vart sett i 1909 frå avstand av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot. Heile fjellkjeda vart observert av Lincoln Ellsworth på flyturen hans over Antarktis den 23. november 1935, og den bratte austsida vart først grovt kartlagd frå flyfoto tekne på den flyturen av W.L.G. Joerg. Austsida av fjellkjeda vart grovt kartlagd frå George VI Sound av British Graham Land Expedition (BGLE) i 1936 og kartlagd på ny av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948-50. Heile fjellkjeda, inkludert vestsida, vart kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48, av Searle frå FIDS i 1960.

Douglas Range vart namngjeven av BGLE, 1934-37, etter viseadmiral sir Percy Douglas, leiar for BGLE sin rådgjevande komite, medleomm av Discovery Committee frå 1928 fram ti han døydde i 1939.

Fjell i Douglas Range
Fjell Høgd (moh) Kommentar
Mount Nicholas 1465 det nordlegaste fjellet i Douglas Range
Mount Spivey 2135
Mount Huckle 2500
Mount Stephenson 2987 Det høgaste fjellet i Douglas Range, òg det høgaste punktet på Aleksanderøya
Mount Egbert 2895 Det nest høgaste fjellet i Douglas Range.
Mount Ethelwulf 2590
Mount Ethelred 2470
Mount Athelstan 1615
Lamina Peak 1280
Mount Edred 2195 Det sørlegaste fjellet i Douglas Range

KjelderEndra