Mount Faith
Mount Faith er eit massivt fjell i Antarktis som ligg 9 nautiske mil nord for Mount Hope. Det har ei høgd opp mot 2,650 moh. frå nordenden av Eternity Range nord i Palmer Land. Fjellet vart oppdaga frå lufta og vart namngjeve av Lincoln Ellsworth i løpet av flyturen hans 21. og 23. november 1935, og vart kartlagt av John Riddoch Rymill frå British Graham Land Expedition i november 1936. Det vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i september 1940, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i desember 1947. Fjellet er eit av tre store fjell i Eternity Range som Ellsworth gav namn etter Tru, håp og kjærleik (engelsk Faith, Hope and Charity).[1]
Mount Faith | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°37′S 64°29′W / 69.617°S 64.483°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Faith 69°37′03″S 64°23′30″W / 69.61755°S 64.39172°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Faith, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Faith, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).