Mount Gunter er eit kjenneleg fjell, 1970 moh, med stupbratte svarte klipper på vestsida, som ligg ved sørsida av Hariotbreen, 3 nautiske mil aust for Briggs Peak, på vestsida av Den antarktiske halvøya. Det vart først grovt kartlagd av British Graham Land Expedition i 1936–37, og vart fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i november 1947. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Edmund Gunter, ein engelsk matematikar som gjorde dei første stega mot reknestaven med sine «tallinjer» (1617). I 1620 publiserte han tabellar med logaritmar og sinus- og tangentverdiar, som revolusjonerte navigasjonen.[1]

Mount Gunter
fjell
Land  Antarktis
Topp Graham Land
 •  høgd 1 970 moh.
 - koordinatar 68°59′S 66°34′W / 68.983°S 66.567°W / -68.983; -66.567
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Gunter
68°59′00″S 66°34′00″W / 68.9833°S 66.5667°W / -68.9833; -66.5667
Mount Gunter is located in Antarktis
Mount Gunter (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Gunter, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gunter, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).