Mount Jackson i Antarktis

Mount Jackson er eit massivt fjell som dominerer høglandet sør på Den antarktiske halvøya. Det består av ein majestetisk topp i sør og aust, medan det ligg ein stod dalbotn på nordsida. Alternative namn på fjellet er Mount Andrew Jackson og Mount Ernest Gruening.[3] Det ligg innanfor kravområdet til Argentina, Chile og Storbritannia.

Mount Jackson
fjell
Mount Jackson, Antarctica.jpg
Søraust for Mount Jackson-ryggen
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Del av Palmer Land
Topp Palmer Land
 - høgd 3 184 moh. [1][2]
 - Primærfaktor 2 187 m
 - koordinatar 71°23′S 63°22′W
Førstestiging Cunningham, Gardner, Smith & Todd
 - dato 23. november 1964
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Jackson i Antarktis
71°22′60″ S 63°22′0″ W
Mount Jackson i Antarktis is located in Antarktis
Mount Jackson i Antarktis (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mount Jackson

Fjellet vart oppdaga av medlemmar frå U.S. Antarctic Service, 1939–41, på flyturar og av landmålarar på platået. Det vart namngjeve av USAS etter Andrew Jackson, den sjuande presidenten i USA, som signerte lovforslaget som autoriserte US Exploring Expedition, 1838–42, leia av løytnant Charles Wilkes frå US Navy.[3]

KjelderEndra

  1. «Antarktis Ultra-Prominences" Peaklist.org. Footnote (14) frå site: Elevation frå American Alpine Journal (1999). GNIS offers elevation of 3050m. Henta 19. oktober 2012,
  2. «Mount Andrew Jackson i Antarktis" Peakbagger.com. Henta 19. oktober 2012,
  3. 3,0 3,1 «Mount Jackson». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 16. mars 2013.