Mount Jenkins
Mount Jenkins er eit fjell, 1705 meter over havet, som står 7 nautiske mil nordaust for Mount Edward i Sweeney Mountains i Palmer Land i Antarktis. Det vart oppdaga og fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961–67, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter W.H. Jenkins, ein sjukepassar ved Amundsen-Scott-stasjonen, vinteren 1963.[1]
Mount Jenkins | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 1 705 moh. | ||
- koordinatar | 75°8′S 69°10′W / 75.133°S 69.167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Jenkins 75°08′00″S 69°10′00″W / 75.1333°S 69.1667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Jenkins, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 4. desember 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Jenkins, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).