Mount Medina
Mount Medina er eit kjenneleg, isdekt fjell (1835 moh) nordaust i Hadley Upland og oppom toppen av Gibbsbreen sør i Graham Land. Fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i november 1947. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1958. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Pedro de Medina (1493–1567), ein spansk verdsskildrar som skreiv Arte de Navegar (Valladolid, 1545), ein viktig navigasjonsmanual.
Mount Medina | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 1 835 moh. | ||
- koordinatar | 68°27′S 66°15′W / 68.450°S 66.250°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Medina 68°27′S 66°15′W / 68.45°S 66.25°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Medina» (innhald frå Geographic Names Information System).