Mount Nicholas
Mount Nicholas er eit fjell, 1465 moh, som ligg 5,5 nautiske mil (10 km) sør-sørvest for Cape Brown og lengst nord i Douglas Range på austsida av Aleksanderøya i Antarktis.
Mount Nicholas | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
• høgd | 1 465 moh. | ||
- koordinatar | 69°22′S 69°50′W / 69.367°S 69.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Nicholas 69°22′00″S 69°50′00″W / 69.3667°S 69.8333°W | |||
Det vart oppdaga og grovt kartlagd frå avstand i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Charcot, som namngav det Ile Nicolas II etter Nikolai II, då regjerande tsar av Russland. Den franske antarktisekspedisjonen sine kart syner fjellet som ei øy, eller eit mogeleg nes, skild av eit sund frå Aleksanderøya. Kysten i nærleiken vart fotografert frå lufta i 1937 av British Graham Land Expedition (BGLE), men namnet til Charcot vart endra av Rymill til «Cape Nicholas» og vart feilaktig nytta om sjøsida av Mount Calais, kring 13 nautiske mil (24 km) mot nord-nordvest. Landmålingar i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) identifiserte det originale fjellet som Charcot hadde trudd var øya «Ile Nicolas II».
FJellet består av både vulkanske og sedimentære bergartar.[1][2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mount Nicholas» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Nicholas» (innhald frå Geographic Names Information System).