Mount Tyree (4852 moh[1]) er det nest høgaste fjellet i Antarktis og ligg 13 km nordvest for Vinson Massif (4892 moh), det høgaste fjellet på kontinentet.

Mount Tyree
fjell
Land  Antarktis
Del av Seven Second Summits
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 4 852 moh.
 - koordinatar 78°24′S 85°55′W / 78.400°S 85.917°W / -78.400; -85.917
Lettast tilkomst austveggen via store ishellingar
Oppdaga av United States Navy
 - dato januar 1958
Førstestiging Barry Corbet
 - dato januar 1967
Administrert under Antarktistraktaten
Liste Seven Second Summits
Kart
Mount Tyree
78°24′42″S 85°51′43″W / 78.411666666667°S 85.861944444444°W / -78.411666666667; -85.861944444444
Mount Tyree is located in Antarktis
Mount Tyree (Antarktis)

Mount Tyree vart oppdaga i januar 1958 under flyturen til United States Navy skvadron VX-6, og sidan kartlagd same månad av Marie Byrd Land Traverse Party. Fjellet vart kalla opp etter kontreadmiral David M. Tyree, som kommanderte U.S. Naval Support Force i Antarktis frå 14. april 1959 til 26. november 1962.[1]

Hittil (2012) er toppen av fjellet berre blitt vitja ved fem høve, av totalt ti personar, via tre forskjellige ruter. I januar 1967 vart John Evans og Barry Corbet (frå Corbet's Couloir) dei første til å nå toppen. I januar 1989 vart toppen vitja av Terry ‘Mugs’ Stump, i 1997 av franskmennene Antoine de Choudens og Antoine Cayrol og seinare i 1997 av Conrad Anker og Alex Lowe. Den 3. januar 2012 gjekk Hans Kammerlander, Robert Miller og Christian Stangl den same ruta som franskmennene og vart den femte gruppa til å nå toppen. Av dei ti fjellklatrarane som har vore på toppen av Mount Tyree, har tre sidan døydd i andre fjellklatringsulukker innan fire år etter dei vitja fjellet.[2] Sørveggen av fjellet er framleis uklatra. Denne veggen er 2000 meter høg og ein av dei største fjellveggane i Antarktis.

Klatresesongen er frå november til januar då det er midnattssol og lufttemperaturen er høgast, opp mot -30 °C nær toppen. Som med Mount Vinson i nærleiken kan ein nå fjellet etter ein seks timar lang flytur frå Punta Arenas i Chile til Union Glacier Camp etterfølgd av ein 200 km lang flytur til foten av fjellet.

Kjelder endre