Mount Wisting
Mount Wisting er eit fjell (2580 moh) heilt nordvest av massivet på toppen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella. I november 1911 vart fleire fjelltoppar i dette området observert og grovt plassert på kartet av gruppa som følgde Roald Amundsen til Sørpolen. Amundsen kalla eit av dei opp etter Oscar Wisting, eit medlem av gruppa. Fjellet som er skildra her vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960-64. For å bevare namnet til Amundsen i området fekk dette fjellet namnet som Amundsen gav. Andre fjell i området er òg kalla opp etter medlemmar i gruppa til Amundsen.
Mount Wisting | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 2 580 moh. | ||
- koordinatar | 86°27′S 165°26′W / 86.450°S 165.433°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Wisting 86°27′00″S 165°25′59″W / 86.45°S 165.433°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Wisting» (innhald frå Geographic Names Information System).