Gothic Mountains
(Omdirigert frå Mount Zanuck)
Gothic Mountains er ei fjellgruppe i Dronning Maudfjella i Antarktis. Ho er 32 km lang og ligg vest for Watson Escarpment ved Scottbreen, Albanusbreen og Griffithbreen. Fjella vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd Antarctic Expedition (ByrdAE) leia av Quin Blackburn. Namnet vart foreslått av Edmund Stump, leiaren for U.S. Antarctic Research Program (USARP) - Arizona State University som undersøkte området i 1980-81. Fjella består av granittar som har erodert og skapt ei rekkje spir og toppar som minnar om ein gotisk katedral.[1]
Gothic Mountains | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 86°0′S 150°0′W / 86.000°S 150.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Gothic Mountains 86°S 150°W / 86°S 150°W | |||
Fjell
endre- Altar Peak er ein fjelltopp på 1780 moh. som ligg 2 km aust-søraust for Mount Harkness. Fjellet vart først vitja i desember 1934 av eit geologisk land under Byrd Antarctic Expedition leia av Quin Blackburn. Det skildrande namnet vart foreslått av Edmund Stump, leiaren for det geologiske laget frå United States Antarctic Research Program (USARP)-Arizona State University som vitja fjellet 1987-88.[2]
- Grizzly Peak er ein pyramideforma fjelltopp på 2200 meter over havet sørvest for Mount Zanuck. Fjellet vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag frå Byrd Antarctic Expedition og vart rekna som ein del av Darryl Zanuck Mountain. Granitten i dette fjellet har danna mange små tindar, som får fjellet til å sjå ut som pelsen på ein grizzlybjørn.[3]
- Mount Zanuck er eit fjell med tre skarpe tindar med ei høgd på 2525 meter over havet. Fjellet ligg på sørsida av Albanusbreen ved samløpet til Scottbreen. Det vart oppdaga av Byrd under ein flytur under Byrd Antarctic Expedition til Sørpolen i november 1929. Fjellet vart vitja i desember 1934 av eit geologisk lag Byrd Antarctic Expedition under Quin Blackburn. Det vart kalla opp av Byrd etter Darryl F. Zanuck i Twentieth Century-Fox Pictures, som støtta ekspedisjonen, 1933–35, som sette i saman det som vart filma under ekspedisjonen.[4]
- Zanuck East Peak er den austlegaste av tre toppar som stig opp frå Mount Zanuck-massivet. Fjelltoppane vart oppdaga og kartlagd av det geologiske laget under Byrd Antarctic Expedition, 1933–35, leia av Quin Blackburn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gothic Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Gothic Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Altar Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Grizzly Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.
- ↑ «Mount Zanuck». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 24. februar 2013.