Movimiento Revolucionario Túpac Amaru

Movimiento Revolucionario Túpac Amaru (MRTA) eller berre Túpac Amaru var ein kommunistisk geriljaorganisasjon som var aktive i Peru frå 1984 til 1997 og var saman med Sendero Luminoso ein av dei viktige aktørane mot den peruanske staten i den interne konflikten i Peru på 1980- og 90-talet. Rørsla var leia av Victor Polay Campos («Kamerat Rolando») fram til han vart sett i fengsel, og deretter av Néstor Cerpa Cartolini («Kamerat Evaristo») til han døydde i 1997. MRTA tok namnet sitt etter Túpac Amaru II ein opprørar frå 1800-talet som sjølv hadde teke namnet frå oldefaren sin Túpac Amaru, den siste Inkaleiaren.

MRTA sitt flagg

MRTA vart stempla som ein terroristorganisasjon av regjeringa. På sitt sterkaste hadde rørsla fleire hundre aktive medlemar. Rørsla sitt uttalte mål var å etablera ein kommunistisk stat og reinsa landet for imperialistiske element.

Den første aksjonen til MRTA var eit bankran i 1980, der mellom andre Victor Polay og Jorge Talledo Feria, som også var med i sentralkomiteen, deltok. Talledo vart ved eit uhell drepen av sine eigne i dette åtaket.

Antiterrorprogrammet Peru sette i verk frå 1992, saman med indre strid og kampar mot rivalen Sendero Luminosa, svekka organisasjonen kraftig.

Den siste store aksjonen til MRTA var ein aksjon ved den japanske ambassaden. 14 MRTA-medlemar sneik seg inn forkledd som kelnerar og okkuperte den japanske ambassadøren sin bustad. Dei tok 72 gjester som gissel og heldt dei der i over fire månader. Kvinnene som var der, mellom anna mora og systera til president Alberto Fujimori, vart sleppte ut. Dei sette fram krav om lauslating av fengsla MRTA-medlemar, men peruvianske styresmakter gjekk ikkje med på det. 22. april 1997 storma soldatar ambassaden. Alle gisseltakarane vart drepne i aksjonen, nokre av dei avretta med skot i bakhovudet, og eitt av gisla mista livet.

I 2006 vart Victor Polay dømd ved ein peruviansk domstol for nesten 30 brotsverk på slutten av 80- og byrjinga av 90-talet.

Kjelder endre