Opna hovudmenyen

Murat Su (tyrkisk òg Murat Nehri) eller Aust-Eufrat er den største kjeldeelva til Eufrat. Ho vart òg kalla «Arsanias» (armensk Արածանի) i antikken. Elva spring ut nær Ararat nord for Vansjøen, aust i Tyrkia, og renn vestover i 722 km gjennom fjellområda.

Murat Su
elv
Murat 07.jpg
Murat Su
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Lengd 722 km
Kjelde nær Ararat nord for Vansjøen
 - høgd 2 720 moh.
 - koordinatar 39°24′N 43°45′E
Munning Karasu nær Keban i provinsen Elazığ
 - koordinatar 38°48.25′N 38°45.25′E
Wikimedia Commons: Murat River

Før bygginga av Kebandemninga mottok Murat Su Karasu, 10 km nord for demninga og 13 km nord for byen Keban.[1] Kebandemninga var den største demninga i Tyrkia då ho stod ferdig i 1974, og vart laga i samband med vasskraftutbygging.[2]

KjelderEndra

  1. «Soccer On Frozen-elva». Turkish Daily News. 31. desember 2004. 
  2. «Murat River». Encyclopædia Britannica. Henta 13. august 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Murat Su