Music from The Body

Music from The Body
Filmmusikkalbum av Ron Geesin og Roger Waters
Språk engelsk
Utgjeve 28. november 1970
Innspelt Januar–mars, august–september 1970
Sjanger Eksperimentell musikk, biomusikk, psykedelisk folk
Lengd 41:28
Selskap Harvest (Storbritannia)
Import Records (USA)
Restless Retro (1990 CD reissue)
Produsent Ron Geesin, Roger Waters
Ron Geesin og Roger Waters-kronologi 
Music from The Body The Pros and Cons of Hitch Hiking
(1984)


Music from The Body er eit filmmusikkalbum av Roger Waters og Ron Geesin frå 1970 for dokumentarfilmen The Body av Roy Battersby[3] om menneskekroppen, fortalt av Vanessa Redgrave og Frank Finlay. Filmen var nyskapande og inkluderte bilete frå innsida av kroppen.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars[2]

Albumet består stort sett av organiske lydar som instrument.

Historie

endre

Musikken vart komponert av Ron Geesin og Roger Waters. Dei hadde samarbeidd med Roger Waters og Pink Floyd på albumet Atom Heart Mother same året.[3] Dei nytta mellom anna biomusikk med lydar skapt av menneskekroppen (klapping, pusting, latter, kviskring, promping osv),[3] i tillegg tilm eir tradisjonelle instrument som gitar, piano og strykarar.

Fleire av songane her er svært eksperimentelle og avantgarde. «Our Song» inneheld hektisk piano og lydar som kan minne om «Several Species...» på Ummagumma. Faktisk kan store delar av albumet høyrast ut som ei vidareføring av denne songen. «Lick Your Partners» er ein mørk lydmontasje. «Womb Bit» er merkelege lydeffektar og piano. Ein av dei mest bisarre spora på albumet er «More than Seven Dwarfs in Penis Land» med merkeleg stemmebruk, medan «Body Transport» inneheld pustelydane av ein mann som søv og to personar som kviskrar til kvarandre med kraftig skotsk dialekt. «Mrs. Throat Goes Walking» er ein annan merkeleg song med bassriff og rare stemmelydar av Roger Waters. Barnet ein kan høyre på opningssporet er sonen til Geesin, Joe Geesin.

Innimellom desse rare songane finn ein rolege, akustiske viser av Roger Waters. Alle desse har liknande musikalske tema, og kan minne om «Grantchester Meadows» frå Ummagumma. Desse er «Sea Shell and Stone», «Chain of Life», «Bed-Time-Dream-Clime» og «Breathe». Sistnemnde er ikkje same songen som på Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon frå 1973, men inneheld same tekstlinje i opninga, «Breathe in the air», så det er grunn til å tru at det er ein viss samanheng mellom dei.

I tillegg har ein nokre instrumentale spor med cello og fiolin, som «Red Stuff Writhe», «Bridge Passage for Three Plastic Teeth» og «Hand Dance», medan «A Gentle Breeze Blew Through Life» er ein annan instrumental med lett spanskklingande gitarspeling.

Siste sporet er «Give Birth to a Smile» som inneheld resten av Pink Floyd i tillegg til kvinnelege koristar. Songen hintar framover til The Dark Side of the Moon der Pink Floyd byrja å bruke kvinnelege koristar, men den soulprega stemninga i songen er kanskje meir likt det seinare soloarbeidet til Roger Waters enn Pink Floyd.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Ron Geesin, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Our Song»Geesin/Waters01:24
2.«Sea Shell and Stone»Waters02:17
3.«Red Stuff Writhe» 01:11
4.«A Gentle Breeze Blew Through Life» 1:19
5.«Lick Your Partners» 0:35
6.«Bridge Passage for Three Plastic Teeth» 0:35
7.«Chain of Life»Waters3:59
8.«The Womb Bit»Geesin/Waters2:06
9.«Embryo Thought» 00:39
10.«March Past of the Embryos» 1:08
11.«More Than Seven Dwarfs in Penis-Land» 2:03
12.«Dance of the Red Corpuscles» 2:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Body Transport»Geesin/Waters3:16
14.«Hand Dance — Full Evening Dress» 1:01
15.«Breathe»Waters2:53
16.«Old Folks Ascension» 3:47
17.«Bed-Time-Dream-Clime» 2:02
18.«Piddle in Perspex» 0:57
19.«Embryonic Womb-Walk» 1:14
20.«Mrs. Throat Goes Walking» 2:05
21.«Sea Shell and Soft Stone»Geesin/Waters2:05
22.«Give Birth to a Smile»Waters2:49

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. Allmusic review
  2. Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4301-X. 

Bakgrunnsstoff

endre