Opna hovudmenyen
Ummagumma
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 7. november 1969
Innspelt 27. april og 2. mai 1969 (konsertplata)
Studio Abbey Road Studios i London
Spelestad
Sjanger
Lengd
  • 86:21 (total)
  • 39:36 (konsertalbum)
  • 46:56 (studioalbum)
Selskap Harvest
Produsent
Pink Floyd-kronologi
More
(1969)
Ummagumma Atom Heart Mother
(1970)
Pink Floyd konsertalbum-kronologi
Ummagumma Delicate Sound of Thunder
(1988)


Ummagumma er det fjerde albumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det er eit dobbeltalbum og kom ut 7. november 1969 på Harvest Records.[4] Den første plata består av konsertopptak frå Mothers Club i Birmingham og College of Commerce i Manchester av songar som var ein del av setlista deira på den tida, medan den andre plata inneheld solokomposisjonar av kvart bandmedlem spelte inn i Abbey Road Studios.[5][6] Plateomslaget vart designa av dei faste designarane deira Hipgnosis og består av ei rekkje bilete av bandet som vart sett saman til å gje ein Droste-effekt.

Sjølv om albumet vart godt motteke då det kom og nådde topp fem på den britiske albumlista. Det har derimot sidan blitt omtalt negativt av bandet sjølv. Likevel har albumet kome ut på CD fleire gonger i lag med resten av katalogen deira.

TittelEndra

Albumtittelen er visstnok eit slangord frå Cambridge for sex,[7][8] og vart ofte brukt av ein Pink Floyd-ven og stundom scenearbeidar, Iain «Emo» Moore, som sa «I'm going back to the house for some ummagumma». I følgje Moore vart det han som kom opp med uttrykket.[9]

BakgrunnEndra

 
Staden der Mothers Club låg, over butikkane i forstaden Erdington i Birmingham, der nokre av konsertopptaka vart gjort. Den blå plaketten er til minne om dette.

Sjølv om plateomslaget seier at konsertopptaket var i juni 1969, vart opptaket i Mothers Club i Birmingham frå 27. april 1969 og veka etter Manchester College of Commerce den 2. mai same året som ein del av The Man and The Journey Tour.[10][11] Bandet spelte òg inn ein versjon av «Interstellar Overdrive» (frå The Piper at the Gates of Dawn) som var meint for side ein av konsertplata og «The Embryo», som vart spelt inn i studio før dei kom fram til at kvart bandmedlem skulle spele inn sine eigne ting.[10]

Studioalbumet kom som følgje av at Richard Wright ønskte å lage «verkeleg musikk», der kvar av dei fire medlemmane (Wright, Roger Waters, David Gilmour og Nick Mason) fekk ei halv LP-side kvar til å lage soloverk utan at dei andre i bandet var involverte.[10] Wright bidrog med «Sysyphus», kalla opp etter ein karakter i gresk mytologi, vanlegvis skrive «Sisyfos» på norsk eller Sisyphus på engelsk,[12] og bestod av ein kombinasjon av forskjellige klaverinstrument, som piano og mellotron. Wright var først entusiastisk over å lage eit soloverk,[13] men skildra det seinare som «pretensiøst».[10] Waters sin «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» inneheld forskjellig vokal[14] og perkusjonseffektar handsama i forskjellig snøggleik, både framlangs og baklengs og var inspirert av Ron Geesin,[14] som seinare samarbeidde med både Waters og Pink Floyd. Det andre bidraget til Waters var «Grantchester Meadows» som var ei akustisk vise som ofte vatr spelt som opningssongen på konsertane deira i 1969.[15] Gilmour har seinare sagt at han var redd då han skulle gå i gang med sine soloarbeid, og sa at han «gjekk i studio og byrja å tulle med forskjellige ting, tok bitar og ting og sette det saman»,[16] sjølv om part ein av «The Narrow Way» alt var blitt framført som «Baby Blue Shuffle in D Major» i eit radiostudio for BBC i desember 1968.[17] Gilmour sa han berre «bullshitted» seg gjennom stykket.[10] Han spurte Waters om han kunne skrive noko tekst for han, men det ville han ikkje.[10] Mason sin «The Grand Vizier's Garden Party» i tre partar hadde med den dåverande kona hans, Lindy, på fløyte,[14] medan Mason spelte ein sju minuttar trommesolo som del to av stykket.[10]

InnpakkingEndra

Albumet var det første albumet bandet gav ut på Harvest. Plateomslaget syner ein Droste-effekt med gruppa, der eit bilete som heng på veggen syner same scene, bortsett frå at bandmedlemmane har byta plass.[11] Plateomslaget til den originale LP-utgåva varierer mellom dei britiske, amerikanske, kanadiske og australske utgåvene. Den britiske versjonen har albumet Gigi opp langs veggen like over bokstavane «Pink Floyd».[11] Under ein samtale ved bokhandlaren Borders i Cambridge den 1. november 2008 sa Storm Thorgerson at albumet vart introdusert som eit villspor for å skape debatt og at det ikkje hadde noko meining. På dei fleste kopiane av dei amerikanske og kanadiske utgåvene er plateomslaget Gigi berre eit kvitt omslaget, fordi ein var redd for opphavsretten, men dei tidlegaste utgåvene av den amerikanske utgåva syner dette omslaget,[18] og vart teken med att for den amerikanske, ommastra CD-utgåva. På den australske utgåva er Gigi-plata heilt borte. Huset der plateomslaget vart fotografert ligg i Great Shelford, nær Cambridge.[19]

På baksida av omslaget kan ein sjå scenearbeidaren Alan Styles (som òg er med på «Alan's Psychedelic Breakfast») og Peter Watts som legg ut utstyret til bandet på rullebanen ved London Biggin Hill Airport. Dette konseptet vart føreslått av Mason for å etterlikne dei «eksploderande» teikningane av militære luftfartøy og lasta deira, som var populære på denne tida.[11]

På den amerikanske og kanadiske utgåva er det gjeve ekstra titlar til dei fire delane av songen «A Saucerful of Secrets». Desse titlane er ikkje med på den britiske utgåva, og heller ikkje på tidlegare utgåver av albumet A Saucerful of Secrets.[20]

Innsida av det dobbeltfalsa omslaget syner svartkvitfoto av bandet. Ein kan sjå Gilmour føre Elfin Oak. Dei originale vinylutgåvene synte Waters med den første kona hans, Judy Trim, men ho er blitt fjerna frå biletet på dei fleste CD-utgåvene. Det opphavlege biletet vart med i albumet i plateboksen Oh, by the Way.[11]

UtgjevingEndra

Ummagumma kom ut i Storbritania og USA høvesvis 7. og 8. november 1969.[4] Det nådde femteplassen på den britiske albumlista[21] og 74. plassen i USA, som var første gangen bandet nådde topp 100 der.[22] Albumet selde til gullplate i USA i februar 1974 og platina i mars 1994. Den amerikanske kassettversjonen hadde berre «Astronomy Domine» med frå konsertdelen av plata og ingen av dei tre andre.[23] I 1987 vart albumet gjeven ut som ein dobbel-CD. Ei digital ommastra utgåve kom i 1994.[24]

I 2009, for å marknadsføre 40-årsjubileet til albumet, selde Thorgerson nokre signerte litografiar av framsida.[25]Why Pink Floyd...?-serien kom i 2011 med ommastra utgåver av alle dei fjorten albuma, vart berre studiosida av Ummagumma ommastra - konsertplata var den same som i 1994. Begge sidene kom ut i 2016 på etiketten Pink Floyd Records.[26]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [27]
The Daily Telegraph     [1]
The Great Rock Discography7/10[28]
Encyclopedia of Popular Music     [29]
MusicHound2.5/5[30]
Paste5.0/10[31]
The Rolling Stone Album Guide     [32]
Sputnikmusic4/5[33]
Virgin Encyclopedia of Popular Music     [28]

Ummagumma fekk positive meldingar då det kom ut.[13][14] International Times var særskild positive til konsertdelen av albumet der anmeldaren skildra det som «truleg ei av dei beste konsertplatene eg har høyrt».[4] Vox hadde konsertdelen av albumet med på lista si over «Dei beste konsertalbuma gjennom tidene».[28] Stylus Magazine var særs positive til albumet og sa at konsertdelen «er eit særs godt døme på den tidlege tendensen Floyd hadde for atmosfæriske, energiske jammar. Det er lite som kan samanliknast med dette» og studiohalvdelen «trør forbi den oppstykka konstruksjonen og er eit fullstendig framstilling».[34]

Bandet har sidan uttalt seg negativt til albumet. Waters sa i seinare år: «Ummagumma – for ein katastrofe!»,[35] medan Gilmour i 1995 skildra albumet som «frykteleg».[36] I eit intervju frå 1984 sa Mason: «Eg syns det var veldig bra og ei interessant øving, det at alle gjorde sin del. Men eg kjenner framleis at det er eit godt døme på at summen er større enn delane ...»[37] Seinare skildra han det som «eit mislukka eksperiment», og la til at «det viktigaste er at me ikkje gjorde det igjen».[38]

Paste omtalte nyutgjevinga i 2011 og skildra albumet som «rockefråtsing av verste slag», men skribenten hylla konsertopptaket av «Careful with that Axe, Eugene».[31] Robert Christgau meinte at dei «hypnotiske melodiane» gjorde det «eit glimrande album å sovne til».[39]

AugenstikkarartarEndra

I desember 2015 namngav forskarar eit nyoppdaga insekt av arten Umma – ein vassnymfe – Umma gumma etter albumet.[40][41]

SongarEndra

SysyphusEndra

Dette avantgardistiske instrumentalstykket i fire delar er skriven at Richard Wright, og inneheld stort sett lydar av diverse tangentinstrument. Tittelen liknar namnet til den greske mytiske figuren Sisyfos, men ein finn ingen referansar til dette i musikkstykket.

Grantchester MeadowsEndra

Dette er ei roleg, akustisk vise av Waters med fuglelydar. Teksten skildrar ein draumeliknande episode på ei eng i Grantchester i Cambridgeshire i England. Dette er staden som David Gilmour voks opp. Sjølv om songen har ei idyllisk skildring kan ein i slutten høyre ei floge som nokon slår og drep. Songen vart spelt på konsertar i konseptet The Man and the Journey som «Daybreak» og opna ofte konsertane deira på denne tida.

Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a PictEndra

Sporet inneheld fleire minutt med lydar som høyrest ut som gnagarar og fuglar. Lydane var laga av Roger Waters, men spelt i forskjellige snøggleikar, i tillegg til lydar av strengeinstrument. Til slutt kjem ein tekst som Waters les med ein overdriven skotsk aksent. «Picts» tyder piktar, som var eit av dei første folkeslaga i Skottland.

Det er ei «gøymd melding» i songen etter om lag 4:22. Om songen vert spelt med langsamare snøggleik[42][43] kan ein høyre Waters eller David Gilmour[44] som seier «That was pretty avantgarde, wasn't it?»

The Narrow WayEndra

Del 1 av songen vart kalla «Baby Blue Shuffle in D major» då dei spelte han på BBC radio 2. desember 1968, og han er òg svært lik songen «Unknown Song» som vart spelt inn for filmen Zabriskie Point. Del 3 av songen vart spelt på konsertar som del av konseptet The Man and the Journey i 1969.

The Grand Vizier's Garden PartyEndra

Dette instrumentalstykket av Nick Mason er delt i tre delar og er særs eksperimentelt:

  • «Entrance» er eit kort stykke med fløyte og trommer.
  • «Entertainment» er heilt annleis dei to andre delane og inneheld forskjellige instrument og ein trommesolo mot slutten.
  • «Exit» sluttar med eit kortare fløytestykke lik opninga.

InnhaldEndra

Plate ein - Konsertalbum
Side ein
# Tittel Lengd
1. «Astronomy Domine»   8:32
2. «Careful with That Axe, Eugene»   8:49
17:21
Side to
# Tittel Lengd
1. «Set the Controls for the Heart of the Sun»   9:27
2. «A Saucerful of Secrets»   12:48
22:15
Plate to – studioalbum

Britisk kassettutgåveEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sysyphus»   13:28
2. «Astronomy Domine»   8:32
3. «Grantchester Meadows»   7:26
4. «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict»   4:59
5. «Careful with That Axe, Eugene»   8:49
43:14
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Narrow Way»   12:17
7. «Set the Controls for the Heart of the Sun»   9:27
8. «The Grand Vizier's Garden Party»   8:46
9. «A Saucerful of Secrets»   12:48
43:18

Amerikansk kassettutgåveEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Astronomy Domine»    
2. «The Narrow Way: Parts I, II, III»    
3. «Grantchester Meadows»    
Side to
# Tittel Lengd
4. «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict»    
5. «Sysyphus: Part I, II, III, and IV»    
6. «The Grand Vizier's Garden Party: Part I: Entrance, Part II: Entertainment, and Part III: Exit»    

CD-utgåveEndra

CD-versjon: (live- og studioalbum)
# Tittel Lengd
1. «Astronomy Domine»   8:29
2. «Careful with That Axe, Eugene»   8:50
3. «Set the Controls for the Heart of the Sun»   9:26
4. «A Saucerful of Secrets»   12:48
5. «Sysyphus (Part 1)»   1:08
6. «Sysyphus (Part 2)»   3:30
7. «Sysyphus (Part 3)»   1:49
8. «Sysyphus (Part 4)»   6:59
9. «Grantchester Meadows»   7:19
10. «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict»   5:01
11. «The Narrow Way (Part 1)»   3:25
12. «The Narrow Way (Part 2)»   2:54
13. «The Narrow Way (Part 3)»   5:51
14. «The Grand Vizier's Garden Party (Part 1: Entrance)»   1:00
15. «The Grand Vizier's Garden Party (Part 2: Entertainment)»   7:06
16. «The Grand Vizier's Garden Party (Part 3: Exit)»   0:38

MedverkandeEndra

Pink Floyd

Andre medverkande


Salslister og salstroféEndra

SalslisterEndra

Liste (1969–70) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[45] 78
Nederlandske album (MegaCharts)[46] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[47] 25
Britiske album (OCC)[48] 5
US Billboard 200[49] 74
Liste (2011–12) Plassering
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[50] 89
Franske album (SNEP)[51] 117
Spanske album (PROMUSICAE)[52] 88

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[53] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[54] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[55] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 McCormick, Neil (20. mai 2014). «Pink Floyd's 14 studioalbums rated». The Daily Telegraph (London). Henta 11. juni 2019. 
  2. Doyle Greene (17. februar 2016). Rock, Counterculture and the Avant-Garde, 1966-1970: How the Beatles, Frank Zappa and the Velvet Underground Defined an Era. McFarland. s. 159. ISBN 978-1-4766-6214-5. 
  3. Toby Manning (2006). The Rough Guide to Pink Floyd. Rough Guides. s. 160. ISBN 978-1-84353-575-1. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Povey 2007, s. 115.
  5. Povey 2007, s. 74.
  6. Alistair Lawrence (2012). Abbey Road: The Best Studio in the World. A&C Black. s. 14. 
  7. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 157. ISBN 1-905139-09-8. 
  8. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 160. ISBN 1-84353-575-0. 
  9. Blake, Mark. Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Da Capo Press Inc. s. 137. ISBN 978-0306817526. Henta 16. juni 2019. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 156. ISBN 1-905139-09-8. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Mabbett 2010, s. 160.
  12. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. s. 27. ISBN 0-7119-4301-X. 
  13. 13,0 13,1 Mason, Nick (2011) [2004]. Philip Dodd, red. Inside Out – A Personal History of Pink Floyd (Paperback utg.). Phoenix. s. 129. ISBN 978-0-7538-1906-7. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 161. ISBN 1-84353-575-0. 
  15. Mason, Nick (2011) [2004]. Philip Dodd, red. Inside Out – A Personal History of Pink Floyd (Paperback utg.). Phoenix. s. 130. ISBN 978-0-7538-1906-7. 
  16. Fielder, Hugh (2013). Pink Floyd: Behind the Wall. (via Google Books} (Race Point Publishing). s. 48. 
  17. «BBC – Radio 1 – Keeping It Peel – 02/12/1968 Pink Floyd». bbc.co.uk. Henta 16. juni 2019. 
  18. Umphred, Neil (1994). Goldmine's Price Guide to Collectible Record Albums (Fourth utg.). Krause Publications. s. 548. 
  19. Povey 2007, s. 29.
  20. Ummagumma. Capitol Records. 1969. STBB-388. Henta 16. juni 2019. 
  21. «Pink Floyd | Artist | Official Charts». officialcharts.com. Henta 16. juni 2019. 
  22. DeRisto, Nick (25. oktober 2014). «45 Years Ago: Pink Floyd Tries to Find Its Way With ‘Ummagumma’». Ultimate Classic Rock. Henta 16. juni 2019. 
  23. Ummagumma. Capitol / EMI. 1973. 4XVV 388. Henta 16. juni 2019. 
  24. «Ummagumma – Pink Floyd : Releases». AllMusic. Henta 16. juni 2019. 
  25. «Pink Floyd News :: Brain Damage – Pink Floyd's Ummagumma – 40th Anniversary Marked with New Memorabilia». brain-damage.co.uk. Henta 16. juni 2019. 
  26. «Pink Floyd to Launch Massive Vinyl Reissue Campaign». Rolling Stone. 6. mai 2016. Henta 16. juni 2019. 
  27. Eder, Bruce. «Ummagumma – Pink Floyd: Songs, Reviews, Credits, Awards: AllMusic». AllMusic. Henta 16. juni 2019. 
  28. 28,0 28,1 28,2 «Pink Floyd Ummagumma». Acclaimed Music. Henta 11. juni 2019. 
  29. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (på engelsk). Omnibus Press. ISBN 9780857125958. Henta 13. juni 2019. 
  30. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 872. ISBN 1-57859-061-2. 
  31. 31,0 31,1 Deusner, Stephen (29. september 2011). «Pink Floyd: Ummagumma («Why Pink Floyd?» Reissue) :: Music :: Reviews :: Paste». Paste. Henta 16. juni 2019. 
  32. Sheffield, Rob (2. november 2004). «Pink Floyd: Album Guide». Rolling Stone. Wenner Media, Fireside Books. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 11. juni 2019. 
  33. Campbell, Hernan. «Pink Floyd Ummagumma». Sputnikmusic. Henta 26. august 2015. 
  34. Howard, Ed (1. september 2003). «Pink Floyd – Ummagumma – On Second Thought». Stylus Magazine. Henta 16. juni 2019. 
  35. «(CD) Pink Floyd: Ummagumma». audio-music.info. Henta 16. juni 2019. 
  36. Wolfgang Huebel and Thomas Huetlin. «Total Silence or War». Brain-Damage.co.uk. Henta 16. juni 2019. 
  37. «Gilmour, Waters, Mason, Wright: Shakes of Pink – The Source, 1984 – All Pink Floyd Fan Network». Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 16. juni 2019. 
  38. «{{{title}}}». Omnibus. BBC. 60 minuttar i.
  39. Christgau, Robert. «Pink Floyd: Atom Heart Mother». Consumer Guide. Henta 16. juni 2019. 
  40. Klaas-Douwe B. Dijkstra, Jens Kipping, Nicolas Mézière: Sixty new dragonfly and damselfly species from Africa (Odonata). Odonatologica 44 (4), Dezember 2015; S. 457–461. doi:10.5281/zenodo.35388.
  41. http://science.orf.at/stories/2775782/ Schaurig, schön und skurril, orf.at, 23. Mai 2016, abgerufen 23. Mai 2016. (German) – picture
  42. Skeptic's Dictionary
  43. Teksttolking
  44. Teksttolking
  45. "Top RPM Albums: Nummer 3767". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. juni 2019.
  46. "Pink Floyd – Ummagumma". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  47. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – Ummagumma" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. juni 2019.
  48. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 11. juni 2019.
  49. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 11. juni 2019.
  50. "Pink Floyd – Ummagumma" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  51. «Les charts francais (01/11/2011)». lescharts.com. Henta 11. juni 2019. 
  52. "Pink Floyd – Ummagumma". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 11. juni 2019.
  53. «Italian album salstrofé – Pink Floyd» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 16. juni 2019.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  54. «British album salstrofé – Pink Floyd». British Phonographic Industry. Henta 11. juni 2019.  Enter Pink Floyd in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  55. «American album salstrofé – Pink Floyd». Recording Industry Association of America. Henta 11. juni 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ummagumma