Musikaren Budgie

Peter Edward Clarke (fødd 21. august 1957), med artistnamnet Budgie, er ein engelsk trommeslagar. Den første innspelinga hans var med The Spitfire Boys i 1977 og så The Slits i 1979. Han vart så fast trommeslagar i det innverknadstunge bandet Siouxsie and the Banshees (1979–1996) og tromme-og-song-duoen The Creatures (1981–2004). Budgie har arbeiddm ed andre musikarar som John Cale, Leonard Eto (tidlegare i Kodo Drummers) og John Grant.

Budgie
Siouxsie-budgie-oakland-np.jpg
Budgie i Oakland i California, juni 1986
Fødd21. august 1957 (64 år)
FødestadSt Helens i Merseyside
FødenamnPeter Edward Clarke
AliasBlister, Budgie
OpphavSt Helens i Merseyside i England
AktivSidan 1979
Sjangernew wave
InstrumentPerkusjon, trommer, gitar, klaverinstrument
Tilknytte artistarBig in Japan, Pink Military, The Spitfire Boys, The Slits, Siouxsie and the Banshees, The Creatures, John Grant
PlateselskapGeffen, Polydor, Sioux
Verka somMusikar, låtskrivar

I 2013 vart han av magasinet Spin rangert på 28. plassen på lista deira over dei 100 beste trommeslagarane innan alternativ musikk.[1]

Budgie vart omtalt i 2013 av Stewart Copeland frå The Police som ein av dei 16 mest interessante trommeslagarane.[2]

KjelderEndra

  1. Azerrad, Michael (21. mai 2013). «The 100 Greatest Drummers of Alternative Music: N°28 Budgie of Siouxsie And The Banshees». Spin.com. Henta 15. august 2020. 
  2. Bosso, Joe (24. juni 2013). «Stewart Copeland picks 16 fun drum albums». Musicradar.com. Henta 15. august 2020.